Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Klart for influensavaksinering i Øygarden

Sesonginfluensavaksine 2020/2021 vert tilrådd til personar som har auka risiko for alvorleg sjukdom og komplikasjonar ved influensasjukdom. Vaksinen er tilgjengeleg frå 19. oktober.

Klikk for stort bileteIll. Mostphotos

Dette gjeld:

  • Gravide i 2. og 3. trimester og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Bebuarar i omsorgsbustad/sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Barn og vaksne med:
    - diabetes type 1 og 2
    - kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    - svært alvorleg fedme (BMI) over 40
    - annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg vert følgjande rådd til å ta vaksinen:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Personar som bur sammen med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.

Kvar kan du ta vaksina?

Alle fastlegekontora i Øygarden kommune tilbyr influensavaksine.

Pris

Eigendel for å ta vaksine hos fastlegen er kr. 50,-.

Bestill time

Alle som er i risikogruppa og ønskjer vaksine, må ta kontakt med fastlegekontoret for avtale om vaksinering. Fastlegekontora har sett av ekstra tid til vaksinering mot sesonginfluensa. På grunn av pandemisituasjonen, vert det i år ikkje lagt til rette for «drop in»-vaksinedagar.