Klar for arbeidet med planstrategi

Utval for samfunnsutvikling tilrår at kommunestyret sluttar seg til prosess for utarbeiding av Øygarden kommune sin planstrategi 2020 -2023, slik det går fram i vurderinga til kommunedirektøren.

Leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv. - Klikk for stort bileteLeiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv. Vigleik Brekke   

I innstillinga frå møtet på onsdag heiter det også at kommunestyret sluttar seg til framlegg om å starta arbeidet med å utarbeida planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen slik det går fram i vurderinga til kommunedirektøren.

Når det gjeld prioriteringar av planoppgåver for 2020, vart det i møtet varsla at ein kjem med ei prioriteringsliste når saka vert behandla i kommunestyret. Leiar i utvalet, Andreas Kallekleiv seier at einingsleiar for plan, geodata og oppmåling, Hanna Gjesdal, og Eli Janette Fosso i areal- og samfunnsplan gav ei god orientering om arbeidet med planstrategien. På møtet vart det også gjeve informasjon om flytteprosessen når det gjeld området for utval for samfunnsutvikling.

Innspel til miljø- og klimaplan

På kommunestyremøtet i desember fremja Miljøpartiet Dei Grøne forslag om å erklæra at vi står overfor ein klimakrise. Det vart vedteke å senda over dette forslaget til utval for samfunnsutvikling. På møtet i utvalet på onsdag vart det mot røysta til Frp vedteke å vurdera dette spørsmålet i samband med arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen og miljø- og klimaplanen.

Andre oversendingsforslag

I samband med budsjettbehandlinga i kommunestyret i desember vart det vedteke å senda over tre punkt i Ap, Sp, SV og Raudt sitt forslag til investeringsbudsjett til utval for samfunnsutvikling.  Det gjaldt områdemodell for Straume sentrum, Straumssundet gamle bru og Vestsidevegen.

Det vart vedteke å be om å få utarbeidd sak for områdemodell for Straume sentrum, sak om status og vedlikehaldsbehov for Straumssundet gamle bru og sak om historikk og planstatus for Vestsidevegen.

 

Tekst: Vigleik Brekke