Klar for å ta leiaroppgåva

Onsdag 19. mai fekk Rune Landro spørsmålet om han ville ta på seg stillinga som konstituert kommunedirektør.
- Spørsmålet kom heilt uventa, men eg svarte ja der og då, seier Landro som dagen etter vart konstituert i stillinga.

Rune Landro - Klikk for stort bileteRune Landro 

Kommunestyret konstituerte Rune Landro i stillinga torsdag 20. mai etter at Rune Lid fråtredde som kommunedirektør same dag.

- Eg seier ja til å ta utfordringar, og eg opplever det som ein stor tillit å få spørsmålet om å overta. Folk ønskjer meg vel og ønskjer meg lukke til i stillinga. Eg opplever at dei tilsette ønskjer å støtta opp om det arbeidet eg skal leia framover, seier Landro.

Den konstituerte kommunedirektøren reknar med at det kan vera på plass ein ny kommunedirektør i løpet av eit halvt års tid.

- Eg ser fram til dette, og eg er innstilt på å gå inn i oppgåva med full styrke. No handlar det om å følgja opp dei oppdraga som er gjevne av kommunestyret. Prioriterte område er økonomi, oppfølging av evalueringa av kommunalsjefområda Organisasjon og digitalisering og Økonomi og støtta opp om dei andre  kommunalsjefområda, seier Rune Landro.

Rune Landro var konstituert kommunalsjef for Kultur og samfunn fram til 20. mai. Tidlegare i den nye kommunen har han vore assisterande kommunalsjef for Kultur og samfunn. I dei gamle kommunane har han mellom anna røynsle som oppvekstsjef i Øygarden og rektorstillingar på Foldnes, Alvheim/Bakken og Misje.

Tekst og foto: Vigleik Brekke