Kjære innbyggjar!

Landet vårt er i ein svært krevjande situasjon. Også Øygarden kommune er kraftig ramma av konsekvensane av koronaviruset. Kommuneleiinga støttar opp om tiltaka frå sentralt hald og følgjer opp med ei rekkje lokale tiltak.

Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Rune Lid Monica Hovland

Vi ønskjer at du som innbyggjar skal kjenna deg trygg på at alle tiltaka vert gjennomførte for å hindra smittespreiing. Det primære for oss er å verna dei mest sårbare gruppene. For å makta dette må vi leggja til rette for at vi har helse- og omsorgsarbeidarar som kan hjelpa dei som treng behandling. Mange med helsefagleg bakgrunn har meldt seg til teneste. Det er vi svært takksame for. Vi må også hugsa på at dei nye oppgåvene og tiltaka kjem på toppen av eit omfattande helse- og omsorgstilbod i kommunen.

Det er gjennomført tiltak som grip kraftig inn i kvardagen vår. Med stengde skular og barnehagar og mange personar som er i karantene er kvardagen snudd opp ned for mange av oss. Det gler oss at innbyggjarane ser på tiltaka som ein nasjonal dugnad som er heilt nødvendig for at vi skal koma oss gjennom denne krevjande situasjonen. Difor utfordrar vi oss alle til å tenkja gjennom kva som er viktig no. Situasjonen er så krevjande at private behov og ønske i mange tilfelle må vika for nødvendige restriksjonar og tiltak fastsett av styresmaktene. Vi opplever at folk respekterer dette.

Vi vert vi no inviterte til ein stor nasjonal dugnad. Det er mange som treng oss. Naboen vår treng kanskje hjelp til handling av varer og medisinar. Og det er mange som er åleine og som vil setja stor pris på om vi ringjer dei opp og tek ein god prat på telefonen.

Det kan henda at du er mellom dei som ikkje veit om du har arbeid å gå til i tida som kjem. Korleis skal eg makta kvardagen når inntektene sviktar og rekningane må betalast? Vi veit at dette er ein realitet for mange. Vi er glade for at regjeringa og Stortinget har kome med ei rekkje tiltak som vil vera til hjelp. Samstundes veit vi at i denne tida kan vi få fram ein grunnleggjande solidaritet som resulterer i at me hjelper kvarande gjennom den vanskelege tida og legg grunnlaget for å byggja opp igjen det samfunnet vi har hatt og er så stolte av.

Vi vil takka alle medarbeidarane i kommunen vår som arbeider hardt for at du som innbyggjar skal ha det så godt og trygt som mogleg i ein vanskeleg situasjon. Vi takkar også deg som innbyggjar for at du respekterer dei pålegga og tilrådingane styresmaktene kjem med. Takk til alle som har meldt seg til frivillig innsats! Det er imponerande å sjå korleis folk stiller opp for kvarandre.

Dette gjev oss grunn til å vera nøkternt optimistiske midt i den situasjonen vi står i. Dette skal vi klara saman!

Tom Georg Indrevik, ordførar
Rune Lid, kommunedirektør

Her finn du meir informasjon frå Øygarden kommune om koronaviruset