Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Kan du hjelpa oss med å laga årets julekort?

Det nærmar seg julehøgtid. Øygarden kommune skal laga både elektronisk julekort og julekort i papirformat.

Klikk for stort bilete

Vi inviterer innbyggjarane til å delta i ein konkurranse om å senda inn foto med julemotiv som kan brukast på julekorta. Kanskje vert bidrag frå deg brukt på julekortet dette året?

Bileta som vert sende inn, vert vurderte etter skjønn. Vinnaren får eit gåvekort på fem kinobillettar. Alle bilete som vert sende inn, kan verta presenterte på nettsida til kommunen.

Dersom det er personar på biletet som kan identifiserst, må vi ha stadfesting på at bileta kan offentleggjerast. Notér gjerne kvar biletet er teke.

Send inn bilete på e-post til informasjon@oygarden.kommune.no Hugs å senda inn bileta i god oppløysing.

Frist for å delta i konkurransen: 1. desember.