Ei av eldsjelene for NMS Gjenbruk Sotra er Alvhild Vassel Eide. Ho var styreleiar ved opninga av gjenbruksbutikken som vart opna av dåverande fjellordførar Eli Årdal Berland 15. mars 2013. Ho er også er leiar av styret i dag, 10 år etter.
- Det var vind og kaldt på Møvika den 15. mars i 2013. Men folk kom, og det vart handla for 17 tusen kroner etter to–tre timar, fortalde Alvhild Vassel Eide i det som må reknast som jubileumstalen denne dagen. Ho administrerer dei om lag 25 frivillige medarbeidarane som jamt og trutt møter opp på vaktene sine.
Denne dagen var det damene som dominerte. Men dei understreka at mennene også får vera med, særleg når dei tunge møblane skal fraktast frå heimane til butikken om ligg i Grønamyrvegen sentralt på Straume.
Det er inn med gjenbruk
Ordførar Tom Georg Indrevik likte seg godt blant dei spreke damene rundt kaffibordet.
- Då de opna butikken for 10 år sidan var det lite fokus på gjenbruk. No er dette inn i tida, og det er plass til begge dei to gjenbruksbutikkane på Straume. Tusen takk for at de med dette tilførte noko vi ikkje hadde! sa ordføraren som rekna med at medarbeidarane jobba utan løn.
Og det har han rett i. Dei 25 frivillige medarbeidarane møter trufast opp og tek tørnane sine. I 2022 var omsetnaden tett opp mot 1,5 millionar kroner. På landsbasis fekk eigaren, NMS (Det Norske Misjonsselskap), 84 millionar kroner frå dei 52 butikkane i 2022.
- Inntektene går til kampen mot fattigdom, rettferd og misjon i dei landa misjonsorganisasjonen har arbeid i, seier rådgjevar for frivillige og småfellesskap i NMS, Janne Bech-Sørensen.
På ein dag som dette var det naturleg for Alvhild Vassel Eide å sjå litt tilbake på kva som har skjedd dei 10 åra sidan oppstarten i 2013.
- Vi innsåg at vi kanskje ville få fleire kundar om vi flytta frå Møvika til ein meir sentral plass. Eg takkar særleg Gunn Lie Morland for innsatsen under flyttinga av butikken i 2019. Det vart handla for over 20 tusen kroner den første dagen, 15. juni. Det er blitt meir inn å handla brukt. Jorda vår har bruk for det, sa den tidlegare kamerunmisjonæren Vassel Eide som også var svært takksam for at ordføraren tok seg tid til å vera med på jubileumsmarkeringa.
Tekst og foto: Vigleik Brekke
Her er fleire foto: