Jubilerer med konsert med Real Ones

Nordsjøfartmuseet er 25 år i 2023. Den 27. april kl. 19.00 kan du oppleva bandet i ein flott jubileumskonsert på museet i Telavåg.

Bilete av plakat - Klikk for stort bilete

Real Ones vart etablert i 1994 som eit tradisjonelt folkband. Bandet har gjennom 28 år opparbeidd seg eit rykte som eit originalt norsk liveband. Gjennom desse åra har Real Ones levert 12 album, fire Epér, to Spelemannsprisar og meir enn tusen konsertar i 15 land.

Det er lagt ut 100 billetter til konserten, så her handlar det om å vera førstemann til mølla. Konserten tek til klokka 19.00. Dørene opnar klokka 18.00.

Real Ones gav ut nytt album i januar 2023 «Lov Your Mother». Omtalen er god; «Et nydeleg stykke folkrock» (BT), «..et boblende overskuddsprosjekt» (Klassekampen) og «En plate å bli glad i « (Bergensmagasinet).

Du kan kjøpa billettar på nettsida til Museum Vest.

Her er plakat for konserten (PDF, 917 kB)