Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Jarle Vindenes er Årets fyrtårn

Det var ikkje fritt for at Jarle Vindenes vart litt forvirra då han kom inn døra til Hengjo på Vindenes klokka 12 i dag. Det planlagte møtet med ein bank var omgjort til ei markering av at nettopp Jarle Vindenes i Sotra Gruppen fekk overrekt prisen Årets fyrtårn.

Her er Årets fyrtårn; Jarle Vindene - Klikk for stort bileteHer er Årets fyrtårn; Jarle Vindenes  

Frå 2018 har Vest Næringsråd delt ut Årets fyrtårn. Tittelen er inspirert av kommunevåpenet til Øygarden kommune.

Hovudpersonen sjølv hadde nesten ikkje ord.

- Tusen takk, dette var veldig uventa, sa prisvinnaren.

 Banksjef i SpareBank1 SR-Bank, Øystein Bredholt, overrekte prisen og sa at Årets fyrtårn starta opp bedrifta for 40 år sidan som den gong var nyskapande med å rydda havet for overskotsmateriale etter starten av oljeeventyret. Denne oppryddinga vart til ei næring, ei stolt familiebedrift og som førte til eit reinare hav.

- Plastkvalen hadde aldri vorte starten på ei verdsomfattande opprydding om det ikkje hadde vore for at du ville løfta han opp på kaien i staden for å la styresmaktene slepa han midtfjords for å sprengjast. Årets TV-aksjon hadde vel heller ikkje gått til formålet plastrydding i strendene, utan det du gjorde for fire år sidan. For næringslivet kan du trygt kallast ei fyrtårn, sa Bredholt før prisen vart overrekt.

Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Ledang, sa at dette er ein heiderspris som går til ein person som anten gjennom selskapet sitt eller organisasjon har hatt ein positiv betyding for regionen. I dette tilfelle er kommunen sett på verdskartet.

Frå venstre; Øystein Bredholt, Tom Georg Indrevik, Rikard Ledang, hovudpersonen sjølv, Jarle Vindenes, Atle Dale og Christian Valdes Carter. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Øystein Bredholt, Tom Georg Indrevik, Rikard Ledang, hovudpersonen sjølv, Jarle Vindenes, Atle Dale og Christian Valdes Carter. 

Stolt av eigen bakgrunn

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at Jarle alltid har vore stolt av kvar han kjem frå.

- Saman med Anita, Karl-Ove og Jan har de vore med å byggja Høgre. Det å gjera ein forskjell er noko du gjer sjølv, og du har alltid gjort ein forskjell. Tusen takk både personleg og på vegner av kommunen, sa ordføraren.

Det var ein svært overraska prisvinnar som kom inn døra til Hengjo i dag. - Klikk for stort bileteDet var ein svært overraska prisvinnar som kom inn døra til Hengjo i dag. 
Jarle Vindenes sa at han har prøvd å ha eit godt forhold til samarbeidspartnarane i næringslivet gjennom alle åra.

- Eg har gått på jobben her i 40 år. Fødselsattesten er litt gul i kantane, og eg vil heretter bruka mindre tid her og meir tid i båten og på holmen eg har kjøpt, sa prisvinnaren.

Varaordførar Atle Dåvøy orienterte om prisgåva, eit maleri av Linda Trengereid med tittelen «Havet». Maleriet er malt frå heimplassen på Ekrhovda.

Styreleiar i VNR Christian Valdes Carter, overrekte sjølve prisen til Jarle Vindenes.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her finn du fleire bilete frå prisutdelinga:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Mid i biletet; Atle Dåvøy - Klikk for stort bilete
Rikard Ledang - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete