Inviterer til 22. juli-markering - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Inviterer til 22. juli-markering

Den 22. juli er det 10 år sidan regjeringskvartalet i Oslo og sommarleiren til AUF på Utøya vart utsette for to store terrorangrep. Torsdag 22. juli vert det invitert til markering ved minnestøtta ved Stranda skule.

Ingvild Skaar og Ruben Håvik inviterer til 22. juli-markering ved minnestøtta ved Stranda skule. - Klikk for stort bileteIngvild Skaar og Ruben Håvik inviterer til 22. juli-markering ved minnestøtta ved Stranda skule. 

77 personar mista livet i angrepa for 10 år sidan. 69 av dei drepne deltok på sommarleiren på Utøya. Ein av dei som mista livet, var Monica Didriksen frå tidlegare Sund. Ruben Håvik, som i dag sit i Øygarden kommunestyre for Arbeidarpartiet, var også på sommarleiren, men overlevde.

- Eg låg under eit tre mellom Kjærlighetsstien og Pumpehuset. Anders Behring Breivik var kanskje 10-15 meter frå meg på det næraste, men eg såg han aldri. Eg vart redda av ein lokal båt og frakta til Sundvollen Hotel. Eg var sjukemeld i ein periode etter terrorangrepet. Det er tungt og sårt å tenkja tilbake på det som skjedde. Det ligg bak der, men det plagar meg ikkje, seier Ruben som har vore med på dei fleste lokale 22. juli-markeringane.

Ruben var tilbake på Utøya på eittårsmarkeringa i 2012 og har vore på sommarleirar der sidan 2015.

- Deltakinga på leirane har vore godt for å bearbeida kjenslene, seier Ruben Håvik.

På markeringa den 22. juli ved Stranda skule vert det tale av leiar i AUF Vestland, Endre Toft, leiar i Øygarden Arbeidarparti, Ingvild Skaar, og ordførar Tom Georg Indrevik. Etter talar, kransenedlegging og song og musikkinnslag ved Vivian Steinsland og tidlegare elevar på kulturskulen, vert det samling med bevertning i Strandahallen.

- Det er viktig å markera det som skjedde og å setja fokus på høgreekstreme haldningar. Dette var målretta angrep på dei verdiane Arbeidarpartiet og AUF står for, seier Ingvild Skaar.

- Anders Behring Breivik var åleine om handlingane, men ikkje haldningane, seier Ruben Håvik.

Det er open kyrkje i Fjell kyrkje mellom klokka 12.00 og 17.00. Klokka 17.00 er det minnegudsteneste i Fjell kyrkje.

Alle som ønskjer å delta, er velkomne til markeringane.

Her kan du lesa om dei forskjellige arrangementa knytt til 22. juli-markeringa i år.

Tekst og foto: Vigleik Brekke