Inspirerande Kickoff - Sykkel-VM 2017

Frå v-Silvia Haugland,TVØ,Børge Haugetun,ordførar Knut - Erik Dybdal, Chrisel Møvik-Olsen, kulturleiar - Klikk for stort bilete Publikum fekk eit energifull, humoristisk og inspirerande møte med grûnderen for Arctic- Race - løpet i Nord-Norge, Knut-Eirik Dybdal.

Publikum  - Klikk for stort biletePublikum Knut - Erik Dybdal - Klikk for stort bileteKnut - Erik Dybdal Med humor, video og bileter synte han dei vel 50 frammøtte at det er mogleg å skapa noko stort og uforgløymeleg, berre ein har mot og fantasi, står saman, er opne og stolar på kvarandre. Han gav publikum gode råd og kreative innspel til bruk i arbeidsprosessane etter innlegget.

 

 

 

Frå v. Kjersti Nordøy og Lena Hansen, Statoil og  Knut- Erik Dybdal - Klikk for stort bileteFrå v. Kjersti Nordøy og Lena Hansen, Statoil og Knut- Erik Dybdal Sponsa av Statoil:

Dybdal var invitert av Statoil til å vera inspirator for Øygarden kommune. Statoil er ein god støttespelar både for kommune sine arrangement, og Artic-Race. Til stades frå Statoil var informasjonsansvarleg Kjersti Nordøy og administrasjonsleiar Vigdis Eide, samt Lena Hansen frå hovudkontoret. Hansen kunne spreie den gode bodskapen om at Statoil har invitert Sykkelforbundet og Tor Hushovd til landslagssamling og regionsamling for juniorlandslaget på Kollsnes i august, med tema "Vegen til VM": Dette blir siste samling før Sykkel-VM og det vil bli arrangert motivasjonssamling der aktørar frå kommunen og blir invitert. Deltakarane skal bu på "Riggen" på Kollsnes.

 

Presentasjon av løypa og aktiviteter på Rong senter

Løypesjef for Bergen 2017, Torjus Larsen, synte løypetraseen frå Rong senter og sørover. Kulturleiar og prosjektleiar for Sykkel-VM2017 i Øygarden, Christel Møvik-Olsen, presenterte planlagte aktivitetar fram mot VM, tankar kring folkefesten lørdag 23. og søndag 24. september og synte den nye felles heimesida for Sund,Fjell og Øygarden: "Sykkel i Vest".

Dialogkafe' - Klikk for stort bileteDialogkafe'

Parallelle Workshop:

Eit av måla med kvelden var å henta ut kreative idear til dei ulike planlagte arrangementa frå dei frammøtte. Publikum blei delt inn i roterande grupper der det blei ide'myldring kring desse aktivitetane:  
1.Familiedag 22. april Rong senter
2.Sykkelstimulering til Skjergardsrittet 5 juni
3.Folkefest langs løypa 23-24 september
                      4.Fansone Rong Senter 23-24 september.Dialogkafe'  - Klikk for stort bileteDialogkafe'

Etter ei effektiv økt, presenterte gruppene ei kort oppsummering av ide'ane, og kulturleiaren lova forsamlinga ein invitasjon til oppfølgjing av dei framlagte tankane. "Det er de som skal skapa festen kring Sykkel-VM i Øygarden, sa ho entusiastisk! Ho talte til ei forsamling som var samansatt av Formannkapet, som er styret for Prosjekt Sykkel-VM 2017 - Øygarden, representantar frå lag og organisasjonar og næringslivet som var godt representert. Rådmannen I front kommunikasjonssjef Bergen 2017, Toril Schalck, Erik Halvorsen, kommunikasjonsdirktør Bergen2017.JPG - Klikk for stort bileteI front kommunikasjonssjef Bergen 2017, Toril Schalck, Erik Halvorsen, kommunikasjonsdirktør Bergen2017.JPG

og tilsette frå administrasjonen med ulike rollar i prosjektet tok del i gjennomføringa av arrangementet. Av deltakarar frå andre instansar, var Bergen 2017 representert med kommunikasjonsdirektør Erik Halvorsen og kommunikasjonssjef Toril Schalck. Idrettsjefen i Bergen, Rune Titlstad, som er busett i Øygarden var og med, saman med  løypesjef Torjus Larsen og representantar frå beredskap, som hadde synfaring med beredskapsansvarlege i Øygarden før møtet.

Publisert av foto og tekst Ingunn Teigen . Sist endra 24.04.2017
Fann du det du leita etter?