Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Smittetal/statistikk | Vaksinasjon | Hurtigtest

Innvandring sikra nettoinnflytting tredje kvartal

Ved utgangen av tredje kvartal 2021 var folketalet i Øygarden kommune på 38 908 innbyggjarar.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

I løpet av dette kvartalet var det 579 personar som flytta til Øygarden frå andre stader i landet. Samstundes flytta 583 personar ut av kommunen. Øygarden hadde dermed innanlandsk nettoutflytting (- fire personar), men nettoinnvandring bidrog til at vi totalt hadde større innflytting enn utflytting (9 personar).

Fødselsoverskot på 64 personar var det største bidraget til at folketalet i Øygarden auka med 73 personar i løpet av tredje kvartal 2021.

Så langt i år har folketalet auka med 0,6 prosent. Til samanlikning var auken dei tre første kvartala i 2020 på 0,8 prosent.

Tekst:  Kristina Espeseth
Foto: Colourbox