Innovativt fellesskap for ungdom i utanforskap

NAV har eit nytt tilbod som nyttar ny metode og teknologi. Er du mellom 18 og 30 år, og utan arbeid eller utdanning? Eller kjenner du nokon som kunne hatt nytte av eit nytt og innovativt tilbod?

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto Mostphotos   

Øygarden-modellen er eit fellesskap med ungdom som har ambisjonar om vegen vidare mot arbeid og/eller utdanning. NAV Øygarden tilbyr arbeidssøkjarar under 30 år. deltaking i Øygarden modellen.

Kvar gruppe samlast tysdagar og onsdagar kl. 11.00-13.30 i fem veker. Det innovative er eit stort fokus på dei dilemma ungdomar møter i kvardagen, og kva val me har i møte med dilemmaa. Det er ungdommane sjølv som kjem med innspel til kvarandre og slik hjelper kvarandre med å ta val som dei kjenner er rette, og som tar den enkelte deltakar eit steg nærare målet sitt.

Dei ulike dilemmaa og problemstillingane vert delte anonymt i eit digitalt verktøy. Tematikken varierer, men me utforskar og erfarer korleis vala me tar, og ikkje tar,  påverkar oss sjølve, dei rundt oss, arbeidssituasjon, rollene våre, og vår eiga helse.

I kvar gruppe vil ulike arbeidsgjevarar vera innom og delta. Det einaste kravet for å delta, er å vera registrert som arbeidssøkjar ved NAV Øygarden, og ha eit ønske om å skaffa arbeid eller fullføra utdanning.

Dersom de har spørsmål eller ønskjer å vita meir om tilbodet, ønskjer me gjerne at de tek kontakt.

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar, Astrid Gjeraker, Astrid.Gjeraker@nav.no tlf. 917 89 132
eller prosjektmedarbeidar Elias Dale Essafi. Elias.Dale.Essafi@nav.no.