Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | Vaksinasjon | Hurtigtest | Smitteverntiltak | Smittetal/statistikk

Innfører nye nasjonale tiltak

Regjeringa har avgjort å innføra nye tiltak mot koronaviruset med verknad frå 1. desember. Det vert innført nasjonal tilråding om å bruka munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikkje er mogleg å halda avstand. Regjeringa prioriterer høgt å få gje alle over 65 år oppfriskingsdose.

Statsminister Jonas Gahr Støre - Klikk for stort bileteStatsminister Jonas Gahr Støre 

Jonas Gahr Støre orienterte Stortinget om dei nye tiltaka i dag.

- Smitten aukar, pandemien er ikkje over og vi må læra oss å leva med smitten. Vi skal på den eine sida unngå overbelastning på helsevesenet og på den andre sida skal folk få leva så normalt som mogleg, sa Støre.

Her er nye reglar

  • Dersom du bur saman med ein som er smitta, må du holda deg heime i karantene til du har svar på ein negativ test. Dette gjeld for vaksne, anten dei er vaksinerte eller uvaksinerte. For å sleppa karantene må vaksinerte testa seg på nytt seinast etter sju dagar. Uvaksinerte må testa seg dagleg i sju dagar med hurtigtest eller annan kvar med PCR-test. For barn er dette ikkje ei plikt, men ei tilråding.
  • Dersom du vert smitta av koronaviruset, må du vera isolert i fem dagar. Dette gjeld uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje. Fram til i dag har kravet vore 2 dagar for vaksinerte utan symptom. I tillegg må du ha vore feberfri i 24 timar før du går ut av isolasjon.

Dette kjem i tillegg til tiltaka som regjeringa innførte måndag 29. november for å bremsa spreiinga av omikronvarianten.

Kommunar med auka smitte bør vurdera eigne og strengare lokale tiltak, gjerne samordna regionalt.

Her er nye nasjonale tilrådingar

  • Det vert innført nasjonal tilråding om å bruka munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.
  • Regjeringa innfører ei nasjonal tilråding om å bruka munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesenter der det ikke er mulig å holde avstand.
  • I tillegg viderefører regjeringa tilrådinga om jamleg testing av skuleelevar i område med aukande smittespreiing og høg belastning i helse- og omsorgstenesta.
  • Regjeringen ber om at kommunar med auka smitte og høg belastning i helsetjenesta vurderer auka bruk av heimekontor.

NB! Merk at i Øygarden og nabokommunar i bergensregionen er det påbod om bruk av munnbind og krav om registrering av gjester på serveringsstader. Denne forskrifta gjeld til og med 20. desember.

Plikt til å tilby lett tilgjengeleg vaksinetilbod

Regjeringa ber kommunane å setja opp tempoet i vaksineringa. Det må leggjast til rette for vaksinering utan å ha bestilt time på førehand og tilbod om vaksinering utanom vanleg kontortid.

Regjeringa gjer det klart at det aller viktigaste er at folk over 65 år får ein oppfriskningsdose så fort som mogleg. Når dette er gjor,t skal dei som er 45 år og eldre få tilbod om vaksine. Regjeringa har som mål at heile den vaksne befolkninga skal ha fått oppfriskingsdose før påske.

Les pressemeldinga frå regjeringa her.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Statsministerens kontor