Innbyggartorg og bibliotek - Sartor Storsenter er stengt frå 1. august - 21. august
Vi minnar om at Innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter er på flyttefot på Sartor Storsenter og held stengd i desse tre vekene. Vi opnar eit redusert tilbod 22. august og bygger opp eit nytt og innhaldsrikt tilbod fram til offisiell opning laurdag 24. september.
Vi oppmodar alle til å nytte innbyggarartorga og biblioteka i Skogsskiftet og på Rong i denne perioden, med slik opningstid:
Innbyggartorga og biblioteka på Sund Senter og Rong Senter
- Måndag meirope (ubetjent)
- Tysdag 10.00 - 16.00
- Onsdag meirope (ubetjent)
- Torsdag 12.00 - 19.00
- Fredag 10.00 - 16.00
- Laurdag meirope (ubetjent)
Publisert 02.08.2022 13.14