Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Informasjonsmøte om Sotrasambandet

Måndag 10. mai inviterer Statens vegvesen alle interesserte til eit digitalt informasjonsmøte om riving av høgspentmaster mellom Breivik i Bergen og Litlesotra i Øygarden. Møte vert gjennomført i samarbeid med BKK.

Ni høgspentmaster skal rivast. - Klikk for stort bileteNi høgspentmaster skal rivast. 

I mai startar BKK rivinga av dei ni høgspentmastene som står i traséen der ny bru til Øygarden skal byggjast. Riving er ein del av det førebuande arbeidet med nytt sotrasamband mellom Storavatnet i Bergen og Kolltveit i Øygarden.

Praktisk informasjon:

Dei to mastene nærast sjøen på Drotningsvik-sida skal fjernast ved hjelp av sprengstoff. Den største masta er over 80 meter høg og vert sprengd ned frå midten. Dato for sprenging av dei to mastene er 20. mai og 26. mai.

Les meir på heimesida til Statens vegvesen

Foto: Vigleik Brekke