Aktuell informasjon

Informasjon om ferdsel på Fjell festning

Nye informasjonsskilt om reglar for ferdsel i festningsområdet er no satt opp langs vegen

Festningsvegen er eit mykje nytta turområde for store og små. Men dei ferraste tenkjer kanskje over at utanfor tilrettelagt ferdselsområde, kan det finnast rester frå anlegget, som er frå 2. verdskrig.

Av den grunn er det satt opp informasjonsskilt på fem ulike stader langs turvegane. Skilta skal minne oss på at all ferdsel på området rundt Fjell festning er på eige ansvar, og at det er enkelte aktivitetar som er uforeinlege med bruken av området:

Kart - plassering info skilt Fjell festning (PDF, 3 MB)
Diverre er det ikkje lov til å bruke vatna kring festningsområdet til leik og fritidsaktivitetar. Det gjeld bruk av båt og kano, fiske og dykking. Heller ikkje bruk av utstyr som magnet, magnetdetektor, ROV, sonar eller liknande er det lov å bruke.
Finn du mistenkjelege gjenstandar, må du kontakte politiet for innmelding av funna snarast.

Øygarden kommune ynskjer at turgåarane skal oppleve at det er trygt å bruke det historiske området på og rundt Fjell festning. Men det fordrar og at dei som oppheld seg på området respekterer reglane for bruken av Fjell festning.

Tekst til informasjonsskilt Fjell festning (PDF, 492 kB)