Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

- Ikkje oppsøk brannområdet

Folk vert bedne om å halda seg i god avstand frå brannområdet.

Ill.foto - Klikk for stort bileteIll.foto 

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at folk ikkje må nærma seg brannområdet.

- Vi er i ein situasjon der det kan oppstå brann fleire stader, og eg ber innstendig om at folk ikkje nyttar turstiar eller ferdast i brannområdet og nær opp til områda som er ramma av brann, seier Indrevik.

Kommunen førebur overnatting for dei evakuerte som har behov for det. Klokka 18.45 sende kommunen ut melding om at alle som har behov for overnatting, må melda seg i Ågotneshallen for registrering.