Øygarden kommune inviterer serveringsaktørar til idédugnad om korleis ein kan samarbeida om å tilby varm mat heim til seniorar og pensjonistar.
Ill.foto
Colourbox
Serveringsstader og andre aktørar som kan vera aktuelle leverandørar av varmmat, er velkomne til samling i torsdag 9. februar kl. 10.00 – 12.00 i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume.
Øygarden kommune er langstrakt, og det er behov for at fleire frå ulike delar av kommunen kan tilby ei slik teneste. Det er fint om deltakarane på samlinga på førehand har laga forslag til meny for eit slikt tiltak.
På møtet vert det presentert ei undersøking der ein har kartlagt behovet for å få levert varm mat heim.
Føresetnader for å få etablert eit slikt tilbod er at maten må kunne køyrast ut og at maten er pakka inn i emballasje som sikrar at han held seg forskriftsmessig varm. I tillegg må maten vera god, rimeleg og ernæringsrik.
Vel møtt til idedugnad torsdag 9. februar!
Publisert 24.01.2023 11.27