Idédugnad om tilbod om varmmat

Øygarden kommune inviterer restaurantar, kaféar og cateringføretak til idédugnad den 9. februar. Målet med samlinga er å arbeida fram korleis ein kan samarbeida om å tilby varm mat heim til seniorar og pensjonistar i kommunen.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIll.


Møtet er lagt til kultursalen på Straume kl. 10.00 – 12.00 den 9. februar. Lett servering frå kl. 09.45.

Øygarden kommune er langstrakt og det er behov for at fleire og frå ulike delar av kommunen kan tilby ei slik teneste. Øygarden kommune ønskjer å koma i dialog med verksemder som lagar mat for å sjå på korleis ein kan samarbeide for å få på plass gode løysingar til å tilby varm mat heim til seniorar og pensjonistar, fortrinnsvis varm middag.

Det er ein del føresetnader som ligg til grunn for å laga gode tiltak

Spørsmål kan rettast til Anne Grete Andersen på tlf.: 56382392. Send påmelding på e-post: Anne-Grethe.Andersen@oygarden.kommune.no innan 1. februar.