I dag kom skiltet på plass i Knarrvika

Nøyaktig klokka 12 i dag (2. januar) monterte Mesta skiltet som viser at du er komen til Øygarden kommune. Det var Mesta som monterte skiltet på vegner av Statens vegvesen.

Her hjelper ordførar Tom Georg Indrevik Lisbeth Moberg frå Mesta då skiltet skulle på plass klokka 12 i dag. - Klikk for stort bileteHer hjelper ordførar Tom Georg Indrevik Lisbeth Moberg frå Mesta då skiltet skulle på plass klokka 12 i dag. Kjell Andersland   

Skiltet er som før plassert like etter at du har kome på landsida etter å ha passert Sotrabrua på riksveg 555. På skiltet er logo med kommunevåpenet til tidlegare Sund kommune.

Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Torill Selsvold Nyborg var på plass for å få med seg denne historiske hendinga. Dei er begge samde om at dette vart eit flott skilt der kommunelogoen kjem tydeleg fram.

- Eg er sikker på at fyrlykt som symbol vert viktig i arbeidet med å byggja den nye kommunen, seier Indrevik.

I dag vart også den nye nettsida til Øygarden kommune lansert. Den grafisk profilen til den nye kommunen vert presentert i starten av opningsfesten laurdag 4. januar klokka 13.00.

Les om programmet for opningsveka og meld deg på her.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete