Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Her finn du alt om koronaviruset i Øygarden kommune

Hugs fristar for søknad om støtte og kandidatforslag til prisar!

Det nærmar seg fristar for å søkja om støtte til lag- og organisasjonsarbeid. Merk også at det nærmar seg frist får å gje forslag til dei som du meiner bør få ein pris for 2020.

Ungdommens kommunestyre deler ut midlar til aktivitetar som er retta mot ungdom. - Klikk for stort bileteUngdommens kommunestyre deler ut midlar til aktivitetar som er retta mot ungdom. Vigleik Brekke   

Ungdomsmidlar

Ungdommens kommunestyre deler ut tilskot til aktivitetar som er retta mot ungdom i Øygarden. Dette gjeld særleg aktivitetar som vert drivne av ungdomane sjølve. Her er kan det søkjast heile året, men siste frist for å søkja i 2020 er 1. november. Det står att 87 tusen kroner som kan fordelast til ungdomstiltak. Les meir her.

Inkludering- og aktivitetsmidlar

Tilskotet går til lag og organisasjonar som arbeider med å inkludera barn og unge i kultur, idrett og fritidsaktivitetar. Målet med tilskotet er å få fleire til å delta i aktivitetar. Det er totalt 190 tusen kroner til fordeling, og søknadsfristen er heile året. Det er framleis pengar igjen til fordeling. Les meir her.

Spelemidlar

Lag og organisasjonar i Øygarden kommune kan søkja om statstilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, nærmiljøanlegg, friluftlivsanlegg og kulturarenaer. Det kan søkjast om tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, lokale kulturarenaer og løypetiltak i fjellet og overnattingshytter. Merk at søknadsfristen er 15. oktober.  Les meir her.

Prisar

Det vert delt ut fleire prisar i Øygarden kommune. Frist for å koma med forslag er 20. november. Dette gjeld for alle prisane.

Folkehelseprisen skal stimulera til auka merksemd og innsats omkring folkehelsearbeidet i kommunen. Prisen vert gjeven til nokon som har gjort ein særskilt innsats eller er nyskapande innan folkehelsearbeidet i Øygarden. Les meir her.

Frivilligprisen i Øygarden vert delt ut til enkeltpersonar eller lag som har ytt stor frivillig innsats. Les meir her.

Kulturprisen vert gjeven til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar som gjennom ekstraordinært arbeid har synt trufast innsats innan kulturlivet i kommunen, til konkrete tiltak/initiativ, eller til nokon som har gått nye vegar innan kultursektoren i kommunen. Les meir her.

Tilgjengeprisen vert delt ut til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller offentleg etat som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen. Les meir her.