Høyringsframlegg - Kulturminneplan

Kommunedelplan - Kulturminneplan for Øygarden kommune 2019-2023

Med heimel i § 5-2 i Plan- og bygningslova vert planframlegget lagt ut til høyring.

Kulturminneplan.png - Klikk for stort bilete Overordna mål i kulturminneplanen har utgangspunkt i føremålsparagrafen i kulturminnelova:

Kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som ein del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ein heilskapleg miljø- og ressursforvaltning;

  • Ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap som viktige fellesgode for Øygarden ved å styrka kunnskapen om kulturminne og kulturarv.
  • Bruka kulturarven som ein ressurs for verdiskaping og god samfunnsutvikling.
  • Gjera registreringar og laga oversikter som hjelper kommunen til å gjera rette val og prioriteringar i forvaltninga av kulturarven ( Plan og bygningslova).

Føremålet med planen, jf § 11-1, 3. ledd i plan og bygningslova, er å setja kulturminnevern på dagsordenen.

  • Skapa eit godt grunnlag for ei heilskapleg kulturminneforvaltning ved at den vert nytta i all arealplanlegging og byggesakshandsaming.
  • Skapa føreseielege tilhøve for eigarar av kulturminne i Øygarden kommune.
  • Auka kunnskapen om og interessa for kulturminne i Øygarden.
  • Synleggjera potensiale for bruk av kulturminne til næringsføremål.

Høyringsvedtaket er fatta av formannskapet i møte 5.Juni 2019.

Dokument i saka:

Saksframlegg
Kulturminneplan
Handlingsplan
Godkjent plankart

Kart krinsar og gardsnummer
Omsynssoner kommuneplan 2014-2022
Sefrakregistreringar
Torvhus i Tjeldstømarka - plan for vern og rehabilitering (PDF, 4 MB)
Estetiske retningsliner for bygg (PDF, 3 MB)

Merknadar

Merknadar til planen kan sendast på ein av desse måtane:

Elektronisk skjema høyringsfråsegn
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 rong

Merknadsfrist: 23. august 2019.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Kulturleiar tlf 56 38 20 00.

Planframlegget er også lagt ut på Servicetorget i Øygarden rådhus.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 30.07.2019
Fann du det du leita etter?