Høyring/offentleg ettersyn - detaljregulering Dalekletten

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir detaljregulering for Dalekletten, Øygarden kommune, plan ID 20170004, lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i utval for drift og samfunnsutvikling 31.10.18, sak 119/18.

Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er realisering av bustadområde frå kommuneplanen. Planlagde reguleringsformål er einebustader og konsentrerte bustader, veg, grønstruktur, vassforsyningsanlegg, samferdsleanlegg og kombinert bygge og anleggsformål. 

Oversikt over saksdokumenta

Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:

Elektronisk skjema for høyringsfråsegn
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Brev: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Merknadsfrist er sett til 15.01.2019.

Saksbehandlar Sven Selås Kallevik svarer gjerne på spørsmål.
E-post: svekal@oygarden.kommune.no
Tlf: 56 38 53 60

 

Plankart - Klikk for stort biletePlankart

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.11.2018
Fann du det du leita etter?