Høyring av lokale forskrifter til ny opplæringslov

Etter ny opplæringslov skal Øygarden kommune vedta fleire forskrifter: 

Her kan du lese forslaget til nye forskrifter og svare på høyringa. Forslaga til nye forskrifter er mellom anna også sendt ut til skulane og SFO slik at t.d. SU/FAU og Elevrådet kan svare på høyringa.

Merknadsfrist: 10.02.2025
Saksnummer: 24/16348

Forskriftene

Forskrift om skolereglar og skuledemokrati

Alle skulane i Øygarden har per i dag lokale ordensreglar, men ikkje felles skulereglar for dei kommunale skulane. Etter ny opplæringslov skal felles skulereglar forskriftsfestas.  Den nye forskrifta inneheld skulereglar og reglar om skuledemokrati for å ivareta foreldremedverknad og elevmedverknad i skulen. Føremålet med skulereglane er å sikre eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø som fremjar helse, læring og trivsel for alle elevar og tilsette i skulen.

For å samordne reglement i skulen er bruksvilkår for digitale verktøy i skulen tatt med i den nye forskrifta. Utdanningsdirektoratet tilrår at skuleeigar strengt regulerer tilgangen elevane har til bruk av private smartklokker og mobiltelefonar. Det vil gje færre forstyrringar og styrke skulemiljøet og blir difor også tatt inn i forskrifta.

Les meir om forslaget til ny forskrift om skolereglar og skuledemokrati (PDF, 211 kB)

Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa

Permisjon frå undervisninga er ikkje regulert i eige forskift i dag. Øygarden har utarbeidd regler for at føresette kan søkja permisjon for barna sine og når skulane kan gi/ ikkje kan gi permisjon som ligg på heimesida til kommunen. Føremålet med den nye forskrifta for permisjon frå undervisninga er å fremje skulenærvær slik at elevane lærer mest mogleg. I ny opplæringslov som trådde i kraft 01.08.2024 står det at kommunen må vedta forskrift om permisjon.

Les meir om forslaget til ny forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa (PDF, 164 kB)

Forskrift om hovudmål

Nynorsk er det offisielle styringsmålet i Øygarden kommune, men det er ikkje regulert i ei eige forskrift for skulane per i dag. I den nye opplæringslova står det at kommunen har plikt til å vedta forskrift om hovudmål i skulen. Valet står mellom nynorsk og bokmål. Det hovudmålet som blir valt er det språket som skal nyttast av elevar og tilsette i den skriftlege delen av opplæringa, og den skriftlege kommunikasjonen med elevar og føresette. I den nye forskrifta er det nynorsk som er valt som det skriftspråket som skal vere hovudmålet på kvar skule i Øygarden.
§3-1 i opplæringslova vil framleis vere gjeldande. 

Les meir om forslaget til ny forskrift om hovudmål (PDF, 102 kB)

Gje ditt innspel 

Du kan gje ditt innspel til ei eller fleire av forskriftene

Gje ditt innspel

Fristen for sende inn høyringssvar er 10. januar 2025.