Aktuell informasjon

Høyring av forslag til planprogram og varsel om oppstart av detaljregulering for Varden, GBNR 41/466 m. fl. – Valen

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljregulering for Varden, GBNR 41/466 m. fl. på Valen.

Forslag til planprogram for planarbeidet leggjast ut til høyring samtidig med varsel om oppstart, jf. §15 i forskrift om konsekvensutredninger.

Plankonsulent er Akons AS på oppdrag av THH AS.

Kunngjeringsdato: 30.06.2022
Merknadsfrist: 01.09.2022
Saksnummer: 20/8482
Arealplan-ID: 20220006
Opne i plankart
Plandokument
Status: Varsel om oppstart av plan/høyring av forslag til planprogram
Gardsnamn: Valen

Kort om planen

Det vart halde oppstartsmøte for planen den 02.07.20. Førespurnad om regulering vart handsama i Utval for plan (UFP) 15.10.2020 sak 063/20. Utval for plan gav søkjar løyve til å starte opp regulering av området.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for næringsbygg på om lag 30.000 m2. Viktigaste verksemda vil være senter for logistikk og framtidsretta teknologi.

I kommuneplanen sin arealdel (Fjell kommune 2015-2026) er området avsett til LNF, samferdselføremål og bandleggingssone for Sotrasambandet.

Delar av varslingsområdet overlappar med områdeplan for Sotrasambandet, men er ikkje i konflikt med denne planen.

Tiltaket kjem inn under KU-forskrifta §6 b) reguleringsplaner etter plan- og bygningsloven for tiltak i vedlegg I, punkt 24. Næringsbygg, bygg for offentlig eller privat tjenesteyting og bygg til allmennyttige formål med et bruksareal på mer enn 15 000 m2.

Det er utarbeidd forslag til planprogram for planarbeidet. Følg link til planregisteret for å sjå planprogrammet.

Planområdet - Klikk for stort bilete

Dokument i saka

Plandokument er tilgjengeleg i kommunen sitt planregister 

Har du merknader til planforslag?

Ein kan koma med innspel og merknader både til varsla planoppstart og til forslag til planprogram. Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til:

Akons AS
pb. 21
5207 Søfteland

Eller e-post: even@akons.no

Alle mottekne dokument, merknadar og liknande vil følgja planforslaget når planen vert sendt til kommunen for behandling.

Vidare saksgong

Alle merknadar som vert sendt inn skal vurderast av forslagstillar. Etter at meldingsfristen er gått ut skal planprogrammet vedtakast politisk før vidare utarbeiding av planforslag.

Etter vedtak av planprogram, kan planforslaget bli utarbeidd, for deretter å bli sendt til Øygarden kommune for vurdering og saksbehandling.

Etter første gongs behandling i utval for plan, vert planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker. Det vil då vera mogleg å komma med merknader til planframlegget før vidare politisk behandling.

Heile planprosessen kan følgjast via postlistene til Øygarden kommune. Søk etter saksnr. 20/8482 her. Søk etter saker

Frist for å komme med merknad og innspel er satt til: 01.09.2022.