Høg nettoinnvandring andre kvartal 2022

Andre kvartal 2022 auka folketalet i Øygarden med 164 innbyggjarar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Lågare fødselstal enn normalt førte til at fødselsoverskotet utgjorde ein auke på berre 12 personar. Dette er det lågaste kvartalstalet sidan kommunesamanslåinga.

Foto: Colourbox - Klikk for stort bileteFoto: Colourbox 

I same periode var det rekordhøg nettoinnflytting på heile 152 personar. Busetjinga av flyktningar frå Ukraina er truleg hovudårsaka til den store auken. Nettoinnvandring utgjorde 105 personar. Samstundes var også innanlandsk nettoinnflytting høg samanlikna med tidlegare kvartal, og utgjorde ein auke på 47 personar.

Ved utgangen av andre kvartal var 39 277 personar busette i Øygarden. Så langt i år har folketalet auka med 0,6 prosent. Til samanlikning har folketalet i Bjørnafjorden auka med 0,8 prosent hittil i år, medan folketalet på Askøy og i Bergen har auka med 0,4 prosent.

 
Tekst: Kristina Espeseth