Historisk vedtak for Sotrasambandet

Tysdag kveld klokka 21.18 vedtok Stortinget at Sotrasambandet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (OPS: Offentleg Privat Samarbeid).

Delegasjonen frå Sotra/Øygarden møtte mellom anna stortingsrepresentantane Ove Trellevik (H) og Magne Rommetveit (Ap) på Stortinget i dag. Frå venstre Ove Trellevik, Kari-Anne Landro (ordførar i Sund), Eli Berland (tidlegare ordførar i Fjell), Ole G. Fredheim (tidlegare ordførar i Fjell), Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Willy Sørensen (prosjektleiar Fjell kommune), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell), Mange Rommetveit, Tom Georg Indrevik (varaordførar i Fjell) og Helge Orten (leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen). Foto: Inger Elise J. Økland, Vestnytt. - Klikk for stort bileteDelegasjonen frå Sotra/Øygarden møtte mellom anna stortingsrepresentantane Ove Trellevik (H) og Magne Rommetveit (Ap) på Stortinget i dag. Frå venstre Ove Trellevik, Kari-Anne Landro (ordførar i Sund), Eli Berland (tidlegare ordførar i Fjell), Ole G. Fredheim (tidlegare ordførar i Fjell), Børge Haugetun (ordførar i Øygarden), Willy Sørensen (prosjektleiar Fjell kommune), Marianne Sandahl Bjorøy (ordførar i Fjell), Mange Rommetveit, Tom Georg Indrevik (varaordførar i Fjell) og Helge Orten (leiar av transport- og kommunikasjonskomiteen). Foto: Inger Elise J. Økland, Vestnytt.

 

 

Mindretalet (Ap, Senterpartiet og SV) røysta for å gjennomføra prosjektet som eit ordinært vegbyggingsprosjekt i regi av Statens vegvesen.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy gler seg over at Stortinget no har gjort det endelege vedtaket. På galleriet sat ho saman med dei to andre ordførarane i regionen, varaordførar i Fjell, tidlegare ordførarar og andre involverte i prosjektet under heile debatten og då klubba fall tysdag kveld.

- Det var spesielt å oppleva å vera til stades og høyra alle representantane få andre fylke snakka om «vårt» prosjekt som vi har arbeidd med i 20 år, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Ho seier at det viktigaste no er at bompengeprosjektet er godkjent av Stortinget.

- Etter mi oppfatning er det ikkje optimalt å gjennomføra dette som eit OPS-prosjekt, men vi må forholda oss til vedtaket, seier Marianne Sandahl Bjorøy.

Under avrøystinga fekk framlegget (frå Ap, Sp og SV) om å gjennomføra prosjektet som ordinært vegprosjekt i regi av Statens vegvesen 46 av 97 røyster og fall. Innstillinga om å gjennomføra det som OPS-prosjekt fekk 52 av 97 røyster og vart vedteke. Dei to punkta om å gje løyve til lån og krevja inn bompengar og inngå avtale med bompengeselskapet fekk 87 røyster og vart vedteke.

Debatt om OPS

Gjennomgåande var talarane i saka glade for at det no kunne gjerast eit vedtak om eit etterlengta prosjekt. Lokale representantar frå Hordaland kasta blikket opp mot galleriet og kommenterte det lokale nærvær av politikarar og andre involverte i prosjektet.

Hovudtema i debatten var korleis prosjektet skulle gjennomførast. Representantar frå mindretalet, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV, mellom anna Ruth Grung (Ap, Hordaland) argumenterte imot å gjennomføra Sotrasambandet som eit OPS-prosjekt, medan representantane frå fleirtalet, mellom anna Ove Trellevik (Høgre, Hordaland), forsvarte å gjennomføra dette som eit OPS-prosjekt.

Ramma for prosjektet er 10,5 milliardar kroner. I innstillinga går det også fram at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering. I proposisjonen er det lagt opp til ei nedbetalingstid på 20 år. Bompengetaksten for personbil vert 50 kroner var veg på ny og eksisterande bru.

Fakta om prosjektet

Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fylkesveg 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss med fylkesveg 561 ved Kolltveit på Sotra, der om lag 4,6 km går i tunnel. Prosjektet inkluderer ny firefelts bru med separat gang- og sykkelveg. Brua blir om lag 950 meter lang, med eit hovudIvrige tilhøyrarar på galleriet. - Klikk for stort bileteIvrige tilhøyrarar på galleriet. spenn på om lag 590 meter. Også tre mindre bruer inngår i prosjektet.

Totalt er det planlagt å byggja om lag 14 km gang- og sykkelvegar, med 7,8 km som høgstandard-løysing med skilje mellom syklande og gåande. Kollektivtrafikken vil gå saman med annan trafikk mellom Kolltveit og Bildøyna, på opprusta lokalveg mellom Bildøyna og Straume, og på separat bussveg/kollektivfelt frå Straume til Valen. Det blir lagt til rette for kollektivfelt langs ny hovudveg i retning Bergen på delar av strekninga mellom Valen og Storavatnet. Det er planlagt nye kollektivterminalar ved Storavatnet og på Straume. Prosjektet legg til rette for prioritering av kollektivtrafikken mellom terminalane.

Prosjektet er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Den nye brua kjem i same trasé som der høgspentlinja over fjorden mellom Bergen og Fjell går i dag. Før ein kan byggja ny bru til Sotra, må denne høgspentlinja flyttast.

Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar både ved ny og eksisterande bru. Bompengeinnkrevjinga vil halda fram i 20 år og startar når brua opnar. Truleg vert anleggstart på OPS-delen av prosjektet andre halvår 2020. (Kjelde til fakta:: Regjeringa.no).

Les proposisjonen herHer kan du lesa innstillinga frå transport- og kommunikasjonskomitéen.


Tekst: Vigleik Brekke

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 16.05.2018
Fann du det du leita etter?