Her kjem røystestyra med røystesetlane - Øygarden kommune

Informasjon om koronaviruset

Ring koronatelefon 56 16 00 10 ved behov for koronatest, spørsmål om karantene, isolasjon eller anna. (08.00-15.00).
Alt om koronaviruset | SmittetalSmitteverntiltak | Vaksinasjon

Her kjem røystestyra med røystesetlane

Utover måndagskvelden kom representantane frå dei 13 valkrinsane med røystesetlane inn til rådhuset på Straume.

Foldnes valkrins leverte inn valsetlane litt over klokka 22 ved Jeanett Marthinussen og Bjarne Kahrs. Til høgre, leiar av valsekretariatet, Grethe Bergsvik. - Klikk for stort bileteFoldnes valkrins leverte inn valsetlane litt over klokka 22 ved Jeanett Marthinussen og Bjarne Kahrs. Til høgre, leiar av valsekretariatet, Grethe Bergsvik.  

Klokka 22.09 kunne Jeanett Marthinussen og leiar av røystestyret for Foldnes valkrins, Bjarne Kahrs, levera inn eskene med røystesetlar til sekretariatet.

- Opplegget i vallokalet har gått veldig fint. Vi fekk inn ei ekstra valluke dette året. Det var litt færre som møtte opp på valdagen i år enn ved sist val. Det var ingen kø, men jamt sig av folk, seier Kahrs.

Kort tid etter troppa dei andre valkrinsane opp. No ventar eit omfattande teljearbeid for valsekretariatet utover kvelden og natta.

Resultat for heile landet.

Resultat for Hordaland.

Resultat for Øygarden.

Ved å klikka på "Bytt sted" når du er inne på resultatet i Øygarden, kan du finna resultatet i den enkelte valkrins.