Her kan du sjå opptak frå 8. mai-markeringa i Telavåg

I dag er det 75 år sidan frigjeringa i 1945, og det er planlagt fleire store markeringar av frigjeringsdagen. Det vert markeringar, men som følgje av mange restriksjonar knytt til koronaviruset, vert dagen markert utan publikum til stades.

Klikk for stort bilete 

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at frigjeringsdagen skal markerast på ein verdig måte.

- Det vert markeringar ved tre kyrkjer, Fjell festning og ved minnestøtta i Telavåg. Markeringa i Telavåg vert overført direkte på nett-TV (streama). Vi oppmodar folk til å markera det privat med til dømes å heisa flagg heime og å følgja med på nett-TV, seier ordføraren.

Frigjeringsdagen vert markert med kransenedlegging ved Hjelme gamle kyrkje, Blomvåg kyrkje, Fjell kyrkje og Fjell festning.

Markeringa i Telavåg klokka 12.00 vert altså overført direkte på nett-TV. Her vert det tale og kransenedlegging ved ordførar Tom Georg Indrevik. Forsvaret deltek med flaggberarar og kranshaldar og trompetist.

Som følgje av fare for smittespreiing, vert ikkje arrangementa opne for publikum. 

Her kan du sjå opptak frå markeringa i Telavåg

Informasjon og program for 17. mai 2020 finn du her