Her er ny vekerapport

Her er vekerapport for Nye Øygarden kommune for dei to første vekene i 2020. Her kan du lesa meir om noko av det som har skjedd dei første dagane i det nye året.

Illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon 

Tilrår moderat produksjonsavgift på havbruksverksemd

Formannskapet skal på møtet den 14. januar gje uttale om framtidig skattlegging av havbruksverksemd. I tilrådinga skriv kommunedirektøren at kommunane må få ein kompensasjon for ulempene ved å vera vertskommune for havbruk, samstundes som det er eit mål at inntektene er stabile. Det gjer ein best ved å behalda Havbruksfondet som i dag, men supplert med ei moderat produksjonsavgift som sikrar vertskommunane litt meir føreseielege inntekter.
Les meir.

Fakturering av årsavgift feiing for 2019 i Fjell kommune

Årsavgift feiing for 2019 i Fjell er no fakturert. Avgifta er på kr. 800,- inkl. mva og skal betalast av alle bustader med skorstein og tilkopla eldstad. For 2019 er også fritidsbustader inkludert.  Årsavgift inluderer feiing og tilsyn og skal betalast kvart år medan feiing og tilsyn normalt vert utført kvart 4. år.
Les meir. 

Markerte ny kommune i perfekt  nyttårsvér

Nøyaktig klokka 24 på nyttårsaftan kunne nærare tusen frammøtte ved fyrlykta i Skogsskiftet i Sund nyta eit vakkert fyrverkeri som markering av at no er Sund, Fjell og gamle Øygarden historie. Men 12 minutt tidlegare fekk ordførar for den nye kommunen, Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik, tredd på seg den nye ordførarkjeda av avtroppande ordførarar.
Les meir. 

Starta året og den nye kommunen med flott nyttårskonsert

Det er ikkje berre i Wien det er nyttårskonsert. Også den nye kommunen, Øygarden kommune, starta året med nyttårskonsert. Rundt 400 personar fekk ei flott oppleving i Hjeltefjorden Arena på Rong onsdag kveld, nyttårsdag. Ordførar Tom Georg Indrevik ønskte dei frammøtte velkomen og runda det heile av.
- Dette var ein fantastisk start på det nye året. Vi fekk akkurat den kvelden vi hadde håpa på, sa han.
Les meir. 

Den 2. januar kom skiltet på plass i Knarrvika

Nøyaktig klokka 12 den 2. januar monterte Mesta skiltet som viser at du er komen til Øygarden kommune. Det var Mesta som monterte skiltet på vegner av Statens vegvesen.
Skiltet er som før plassert like etter at du har kome på landsida etter å ha passert Sotrabrua på riksveg 555. På skiltet er logo med kommunevåpenet til tidlegare Sund kommune.
Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Torill Selsvold Nyborg var på plass for å få med seg denne historiske hendinga.
Les meir. 

Barn og unge prega folkefesten

Den 4. januar var det verkeleg fest for Øygarden kommune. Om lag to tusen fem hundre personar hadde funne vegen til den offisielle opningsfesten i Sotra Arena på laurdag frå klokka 13. Barn og unge viste seg fram. Statsminister Erna Solberg var der også. Ordførar Tom Georg Indrevik smilte frå øyra til øyra. Tidlegare på dagen var det aktivitetar både ute og inne.
Les meir. 

Team-Hilde gjekk til topps i korslaget

Litt etter klokka 20.30 på laurdag vart Team Hilde kåra som vinnar av det store korslaget. Konkurransen var ein del av den store opningsfestdagen for Øygarden kommune laurdag 4. januar.  Inklusive 500 koristar var tre tusen samla i Sotra Arena.
- Strilen kan syngja, var den treffande konklusjonen til konferansier Regine Oen Hatten då kora var ferdige med kvar sine to songar, eín på norsk og eín på engelsk.
Les meir.

Største gudsteneste vestom brua nokosinne

Det har vore mange historiske augneblink i den nye kommunen, Øygarden, denne veka. Sund 5. januar var to tusen personar samla til fellesgudsteneste i Sotra Arena. Dette var avslutninga på opningsveka for den nye kommune. Arrangementa inklusive aktivitetar laurdag føremiddag har samla over ni tusen personar denne veka. Det har nok aldri vore samla så mykje folk til ei gudsteneste vestom Sotrabrua før. Det var bra at det var baka to tusen fem hundre bollar til kyrkjekaffien etterpå. Også dette arrangementet viste at det er eit blomstrande kulturliv her vest med mangfald og kvalitet, ikkje minst innan song og musikk.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (02)

  • 06.-07.01.: Møte på Stortinget
                       Deltok på NHO-arrangementet Vest i Øst
  • 08.01.: Interne møte
  • 09.01.: Interne møte
  • 10.01.: Møte med Bergensalliansen
                Møte med Nordsjøfartsmuseet i Telavåg om 8. mai-markering og samarbeid
                med Shetland
                Møte om vidareføring av prosjektet «Perler i Nordsjøløypa»
  • 11.01.: Strilanisseverkstad
  • 12.01.: Felleskonferanse Høgre, Oslo

Ordføraren i neste veke (03)

  • 14.01.:  Bergenskonferansen
                 Møte i formannskapet
                 Besøk på Yrkesmessa
  • 15.01.:  Møte med konsernsjefen i KLP
                 Møte med leiar i kontrollutvalet, Mons Tore Nakken
  • 16.01.: Markering av siste gjennomslag kabeltunnel Sotrasambandet, Arefjord
  • 17.01.: Møte Vest Næringsråd, Panorama

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg neste veke (03)

  • 12.01.:  Innsetjing av Morten Solsvik som ny sokneprest.
  • 13.01.:  Kontordag på rådhuset
  • 14.01.:  Besøkjer Equinor i Øygarden og avsluttar med formannskapsmøte
  • 15.01.:  Privat
  • 16.01.:  Helsepolitisk konferanse på Haukeland universitetssjukehus
                 heile dagen.
  • 17.01.:  Privat 
  • 18.01.:  Tema demens og kunst på DNS i Bergen
  • 19.01.:  Utdeling av Omsorgsprisen 2020 i regi av Verdishetssenteret.