Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt av det som har skjedd i veke 49.

Namnet på den nye brua til Øygarden vert Sotrabrua

Statens vegvesen har avgjort at namnet på hovudbrua på Sotrasambandet skal ha namnet Sotrabrua. Noverande bru mellom Bergen og Øygarden vert omdøypt til Gamle Sotrabrua. Avgjerda om namnet på hovudbrua og sju andre namn knytt til Sotrasambandet er teken etter ein høyringsrunde våren 2025.
Les meir. 

Øygarden kommune får 21,3 millionar

Budsjettforliket mellom Ap, SV, Sp, MDG og Raudt fører til at Øygarden kommune får 21,3 millionar kroner meir i frie inntekter i 2026. 
- Vi gler oss over at forliket resulterer i ekstrapengar til kommunen, men vi må gå gjennom detaljane før vi kan seia noko konkret om kva det betyr for oss, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.

Tilrår å ta imot 50 flyktningar i 2026

Levekårsutvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at Øygarden kommune tek imot 50 flyktningar neste år. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda kommunen om å ta imot 100 flyktningar. Dette var ei av sakene levekårsutvalet behandla på møtet onsdag denne veka.
Les meir. 

Føreslår å redusera til 27 medlemer i kommunestyret

Kommunedirektøren føreslår at talet på medlemer i kommunestyret vert redusert frå 45 til 27 medlemer. Dette går også fram  av framlegget til økonomiplan 2026-2029. Ein eventuell reduksjon vert gjeldande for kommunestyreperioden 2027-2031. Formannskapet behandlar saka tysdag 9. desember.
Les meir.

- Vi håpar mange vil bruka bygget

Fredag føremiddag klipte varaordførar Anita Garlid Johannessen snora for å markera Gjenbruksløa på Straume for offisielt opna.- Det er viktig at bygget vert teke i bruk av mange, seier varaordføraren.
Les meir.

Vil innføra betaling for ferjesamband

Plan- og miljøutvalet (PMU) meiner at det igjen bør innførast brukarbetaling på sambandet Hjellestad – Lerøyna - Bjelkarøyna - Klokkarvik. Fastbuande på dei to øyane bør få reisa gratis etter fjerde betalte reise per kalenderår.
Saka vart behandla i utvalet på torsdag.  PMU sluttar seg dermed til innstillinga frå kommunedirektøren og fylkesdirektøren.
Les meir.

Prioriterer miljø

Måndag fekk Craft Holding AS i Austefjorden overrekt miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Kvart selskap under holdingsselskapet har laga eigen plan for dette, seier Morten Johnsen i Craft Consulting som er eitt av dei 11 selskapa holdingsselskapet eig.
Les meir.

Gler seg over julebyen på Tednebakkane

- Vi vil gjerne spreia juleglede. Det seier ergoterapeut på Tednebakkane omsorgssenter, Alyce Levik, etter at julebyen vart opna med snorklipping på måndag. Dette er fjerde året at senteret riggar til juleby i inngangspartiet. Det var einingsleiar Hilde Elin Buene Nilsen som telte ned før eitt av barnehagebarna klipte snora.
Les meir.

Korleis ivareta eiga helse

Den norske befolkninga blir stadig fleire og eldre. Ein reknar at tal på 67-åringar i Noreg fram mot 2060 vil doblast og tal på 80-åringar vil tredoblast. Satsingar og tiltak som bidreg til at eldre held seg friske og klarar seg sjølv lengre blir derfor svært viktig. I slutten av november vart det arrangert seniormesse på Sartor Storsenter.
Les meir.

Riksveg 555 vert stengd fleire netter

Som ein konsekvens av sprengingsarbeid på Bildøyna, vert riksveg 555 stengd fleire netter i veke 49 og 50. Dette fører til periodar med manuell dirigering og omkøyring.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik neste veke (50)

  • 08.12.:  Interne møte
                 Markering busshaldeplass Torsvik 
                 Besøk Fjell sjukeheim
  • 09.12.:  Formannskapsmøte
  • 10.12.:  Møte TechnipFMC 
                 Møte med Olav Thon-gruppen 
                 Konsert demenskoret
  • 11.12.:  Kommunestyremøte
                 Konsert Øyfokets jul
  • 12.12.:  Miljøløftet 
                 Julearrangement CCB
  • 13.12.:  Vigsel 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (50)

  • 08.12.:  Interne møte
                 Administrasjonsutval
  • 09.12.:  Formannskapsmøte
  • 10.12.:  Møte med Thon-gruppen
                 Styremøte Bymuseet
  • 11.12.:  Kommunestyremøte
  • 12.12.:  Møte i bedriftsforsamlinga i BIR