Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 19.

- Det må aldri skje igjen

Det var godt oppmøte på dei sju markeringane som vart gjennomførte på frigjerings- og veterandagen i år.
- Det er viktig å læra om krigen. Dette må aldri skje igjen, seier Mathias Dale (7. trinn) som saman med Olav Glesnes Mæland (7. trinn) la ned krans på minnestøtta i Telavåg.
Les meir.

- No er det kjempeflott på Ågotnes

Over 400 personar frå Ågotnes skule, Skålevik skule og bedrifter var i full sving på torsdag og samla tonnevis med boss i heile Ågotnes området.
- Samarbeidet med skulen har vore framifrå, seier ein oppglødd Jim Lennert Kvamme i Coast Center Base AS. 
Les meir.

Treff+ Moteshow: Nytt og gjenbruk hand i hand

Det var duka for moteshow på Sartor Storsenter fredag 9. mai. 12 festkledde mannekengar viste fram vår- og sommarmote for godt vaksne. Med mykje stil og mange smil var dette ein fin oppvarming til 17. mai.
Les meir. 

Går imot å medfinansiera båtrute

Formannskapet ønskjer ikkje å inngå ein bindande intensjonsavtale med Vestland fylkeskommune om medfinansiering av båtruta Geitanger - Knappskog etter at noverande kontrakt utgår i 2026.
Les meir.

Øygarden ungdomsskule gjekk heilt til topps

Det var ein stolt rektor på Øygarden ungdomsskule, Trine Omland, som tysdag etter lunsj fekk overrekt ein sjekk på seks tusen kroner for å ha trent mest i kampanjen «Tren med ein kollega».
Les meir.

Løpsfest i Skogsvåg

I god tradisjon vart Tinestafetten arrangert i sone sør med Skogsvåg skule som vertskap. Arrangementet fann stad på bana til Skogsvåg Idrettslag, og dagen vart ein fest fylt med løpsglede, innsats og lagånd.
Les meir.

Gratis datahjelp til kommunale og statlege tenester

No kan du få enkel datahjelp til kommunale og statlege tenester på innbyggartorg og bibliotek. Ting time til gratis datahjelp på innbyggartorg og bibliotek!
Les meir.

Den første helsefremmande skulen i Øygarden

Den 30. april vart det markert at Foldnes skule er helsefremmande skule. Dagen vart feira på SFO-dagen som dette året hadde «Mat og måltidsglede» som tema. På veggen ved inngangen til skulen vart det avduka eit skilt som stadfestar at Foldnes skule er helsefremmande skule.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (19)

  • 05.05.:  Interne møte
                 Eigarmøte i Bergen Havn
                 Møte med Øygarden IL
                 Nabokontakt møte med Equinor
  • 06.05.:  Møte med representantar Skålevik skule
                 Politiråd
                 Valstyre
                 Formannskapsmøte
                 Møte i kommunalutval, Høgre, Teams
  • 07.05.:   Møte i redaksjonskomite i landsstyre KS Landstyre, Teams
                  Møte i framtidskomiteen (Framtidssamfunnet)
                  Dialogmøte med CCB
                  Møte med BCC, Panorama Hotell & Resort
  • 08.05.:  8. mai-markeringar, sjå eige program.
                 Delta på frivillig arrangement i regi av Sparebanken Norge
  • 09.05.:  AU Høgre, Oslo
                 Fredagsdansen 25 år

Ordføraren neste veke (20)

  • 12.05.:  Interne møte
                 Dialog med kyrkja
                 Møte med frontkommunane 
  • 13.05.:  KS. Landsstyre, Teams (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
                 Vest Næringsråd, treff Vindenes
                 Dialog om Sotrasambandet 
  • 14.05.:  Opning av uteområde Brattholmen skule 
                 Status Barnevern 
  • 15.05.:  Kommunestyremøte 
                 Innlegg på konferanse i regi av Høgre, Odeon Kino Sotra 
  • 16.05.:  AU, Høgre Teams 
  • 17.05.:  Tale Kolltveit skule

Varaordførar Anita Garlid Johannesen denne veka (19)

  • 05.05.:  Interne møter
                 Faste aksjonsmøte mot utanforskap
                 Kontaktmøte med Equinor, nabokontaktmøte
  • 06.05.:  Oppfølgingsmøte FAU
                 Politirådsmøte
                 Valstyret
                 Formannskapsmøte
  • 07.05.:  Møte i framtidskomiteen (Framtidssamfunnet)
  • 08.05.:  Kransenedlegging

Varaordføraren neste veke (20)

  • 12.05.:  Interne møte
                 Gruppemøte
  • 13.05.:  VNR-samling, Vindenes
                 Valkomité Stavanger2Bergen
  • 14.05.:  Status barnevern
  • 1505.:   Formannskap
                 Kommunestyret
  • 16.05.:  Dialogmøte
  • 17.05.:  Kransenedlegging