
Nytt køyremønster ved Storavatnet er utsett
Den planlagde endringa i køyremønsteret ved Storavatnet er utsett. Etter planen skulle omlegginga skje frå måndag 3. februar. I dag (laurdag) melder Statens vegvesen at endringa i køyremønster vert gjennomført på eit seinare tidspunkt.
Les meir.
Ønskjer å erstatta parkeringsplassar
Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår at ved bortfall av parkeringskapasitet som følgje av bygging av nye heildøgnsplassar og Sotrasambandet, skal kommunen heilt eller delvis erstatta desse med nye parkeringsplassar. Utvalet var samla til møte torsdag ettermidag.
Les meir.
Tilrår å etablera robustbustader på fire tomter
Levekårsutvalet tilrår å arbeida vidare for å etablera seks robustbustader på fire tomter i Øygarden. Byggesaksbehandlinga vil avgjera kva for tomter som først kan nyttast til å etablera dei seks robustbustadane som allereie er kjøpt inn. I tilrådinga heiter det at etablering av robustbustader føreset kontinuerleg oppfølging og tilsyn.
Les meir.
- Vi har tru på godt samarbeid med kommunen
- Øygarden er ingen veslebror samanlikna med kommunar som Askøy og Bergen, sa styremedlem i Sotra og Øygarden Bondelag, Frøydis Haugland på møtet i kommuneplanutvalet tysdag ettermiddag. Ho presenterte status for landbruket i Øygarden. I tillegg til bondelaget møtte det representantar frå Norges Bonde- og Småbrukarlag og lokallaget av Norsk Sau og Geit.
Les meir.
Tren med ein kollega: Endeleg måndag!
Måndag klokka 15 møtte me fem glade kollegaer på Kolltveit skule i Bildøybakken klare for 10 tøffe bakkeløp på vegen opp mot Bildevatnet.
- Dette gir oss mykje energi, seier Alis Kobbeltveit som er ein av dei tilsette på skulen som trimmar kvar måndag ettermiddag saman med kollegaer uansett ver. Som ein del av prosjektet Jobben gjer frisk inviterer Øygarden kommune tilsette til å trena saman med kollegaene.
Les meir.
Delte ut Miljøfyrtårn til XL Bygg Sotra Bruk
Torsdag denne veka overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til XL Bygg Sotra Bruk.
- Vi opplever at dette er ein-vinn- vinn-situasjon for oss, seier dagleg leiar Eivind Forthun. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir.
- No vil eg bli politi
Nora Engeberg Risnes var ein av 23 elevar i dei tre tidlegare kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) som i 2019 presenterte framtidstankane sine om den samanslåtte kommunen, Øygarden. No har Øygarden har passert fem år, og vi har spurt fire av elevane korleis dei opplever den nye kommunen - fem år etter. For fem år sidan gjekk Nora i 1. klasse og tenkte at ho ville bli sjukepleiar eller lærar i Øygarden når ho vart stor. No vil ho bli politi.
Les meir.
Medverknadsdag med næringslivet
Velkommen til medverknadsdag med næringslivet i Øygarden 19. februar 2025 frå kl. 08.30 til 12.00 i kultursalen, Øygarden rådhus. Kommunedelens arealdel (KPA) er på rullering og kommunen ønsker næringslivet si medverknad i arbeidet. Saman med Vest næringsråd inviterer derfor Øygarden kommune næringslivet inn til eit møte der vi deler tankar om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Les meir.
Ringevikar reinhald
Reinhaldsavdelinga i Øygarden kommune søkjer etter ringevikarar på ulike institusjonar, helsebygg, administrasjonsbygg, kyrkjer, skular og barnehagar i kommunen.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (05)
- 27.01.: Intern møte
Dialog med ØyVAR
Gruppemøte - 28.01.: Møte med elevar på Danielsen Sotra
Møte med Shetland Race - 29.01.: Møte om strandsone, Bergen Næringsråd
Dialog om tiltak knytt til sykefravær
Konsert - 30.01.: Overrekking Miljøfyrtårn
Møte om hotell på Straume - 31.01.: Møte i Bergensalliansen
- 01.02.-02.02.: Vestland Høgre, fylkesårsmøte
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (06)
- 03.02.: Interne møte
Møte om utenforskap - 04.02.: Nyttårsmøte med næringslivet
Dialog Nordsjøfartsmuseet
Valstyret
Formannskap - 05.02.: Privat avtale
Klageutvalet - 06.02.: Status barnevern
- 08.02.: Fellessamling posisjonen