Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 03.

Inviterer oss ut i naturen 

Laurdag 18. januar vert Friluftslivets år markert med «Heile Øygarden bålar». 2025 er Friluftslivets år, og på Sotraplassen denne laurdagen kan du få med deg mange spennande aktivitetar knytt til friluftslivet. Kulturminne- og friluftsrådgjevar Julie Berge Westlye seier at komande laurdag vert Friluftslivets år markert rundt om i heile landet. Hovudmålgrupper er barn og unge, dei som ikkje kjenner friluftslivet og dei som ønskjer å vera meir aktive i naturen.
Les meir. 

Utset nytt køyremønster ved Storavatnet

Etter planen skulle det innførast nytt køyremønster ved Storavatnet den 20. januar. No er dette utsett til starten av februar. På nettsida til Sotra Link vert det opplyst at arbeidet med å kopla den nye avkøyringa frå riksvegen til Godviksvingane startar no. Det vert først og fremst trafikken til og frå Askøy som får endra køyremønster.
Les meir.

Motivert til å gå på jobb

Thea Danielsen var ein av lærlingane som var på plass på Yrkesmessa i regi av Sotra Rotary Klubb tysdag kveld. 
- Eg vil absolutt rå ungdomar til å bli lærling, seier ho.
Det var tett med folk i Sotra Arena. Alle 10. klassingane i Øygarden er inviterte til Yrkesmessa. På desse messene er det gjerne rundt tusen personar som er innom.
Les meir.

- Likar å vera ute i naturen

Mange fann vegen til mønstringa på Sotraplassen på laurdag. Dette var startskotsarrangementet i Øygarden for Friluftslivets år 2025. Friluftslivets år er markert rundt om i heile landet i dag. 
- Det er litt kaldt av og til, men det er gøy å vera ute i naturen, seier Birk Holbæk som er Blå Kors-speidar.
Les meir. 

Overvatn skapte trafikale problem

Det var meldt om brå overgang frå snø og kulde til mildvær og regn. Dette gjaldt særleg på måndag. Også onsdag kom det ein god del nedbør. Måndag kveld vart vegen i Tveitesvingane stengd på grunn av store mengder vatn i vegbanen.
Les meir.

Ti tusen nedlastingar av kommunal app

No i januar passerte den kommunale appen ti tusen nedlastingar. Innbyggarappen er designa for å styrkja kommunikasjonen mellom innbyggjarar og kommunen. Den nye appen er utvikla for å gjera det enklare for innbyggjarane å få informasjon om trafikkflyt og det som skjer i kommunen.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (03)

  • 13.01.:  Felleskonferansen til Høgre, Oslo
  • 14.01.:  Bergenskonferansen
  • 15.01.-17.01.:  KS hovudstyre, Brussel (KS: fellesorganisasjon for                            kommunane
  • 18.01..  Opning Friluftslivets år, Straume

Ordføraren neste veke (04)

  • 20.01.:  Interne møte
                 Skugge ein lærar, Foldnes skule
                 Møte med nærmiljøutval i nordre del av kommunen
  • 21.01.:   Møte med ordførarar i Bodø ( Høgre)
  • 22.01.:   Møte med ordførarar i Trondheim (Høgre)
  • 23.01.-24.01.:  Møte i Norske kjernekraftkommunar