Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 01 og 02.

Proriterer nødvendig helsehjelp

Det kraftige snøveret tidleg i januar førte til at nokre brukarar av heimetenesta kunne få redusert hjelp. Assisterande einingsleiar for heimetenesta, Kate Samland Løland, sa det vart gjort grundige vurderingar om det er oppdrag hjå brukarar som kunne utsetjast eller avlysast.
Les meir.

Følgjer opp tilsynssak

Øygarden kommune har den seinare tida vore i dialog med Statsforvaltaren som følgje av ei tilsynssak ved barnevernet. Saka handlar i hovudsak om manglar knytt til vedtak og påviste manglar innan internkontroll og kvalitet. I tilsynsrapporten legg Statsforvaltaren funn i tilsynssaka til grunn for pålegg om utbetring, sjølv om Øygarden kommune i den seinare tid har iverksett kompenserande tiltak i samsvar med tilrådingane.
Les meir.

Årets dyrebare gledesspreiar

På Ågotnes skule er vi så heldige at vi har ein særs dyktig miljøterapeut ved namn Stine Marie Kristensen.  Det som er veldig kjekt er at no har resten av landet og funne ut at vi har ein særs dyktig miljøterapeut her på Ågotnes skule.  Stine arbeider ikkje aleine i si rolle, ho har to gode firbeinte kollegaer med seg ved namn Pelle og Simba.
Les meir.

Søkjer etter menn

Menn i helse Vestland i samarbeid med Øygarden kommune søkjer no etter arbeidssøkande menn som vil få tilbod om ei unik moglegheit til å ta fagbrev som helsefagarbeidar gjennom Menn i helse. Utdanninga er komprimert og tilrettelagt for arbeidssøkande menn, og deltakarane får tittelen helserekrutt.
Les meir.

Fylkeskommunale tilskot til verna kulturminne 

Eigarar av verna kulturminne kan søkja om tilskot frå Vestland fylke til istandsetjing eller rehabilitering: «Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone, vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.» Søknadsfrisen 23 20. januar.
Les meir.

Kva skjedde i Øygarden i 2024?

Også året 2024 gav oss store, gode og dramatiske opplevingar. Nedanfor kan du lesa om litt av det som skjedde i fjor. Året starta med kraftig snøfall som mellom anna førte til utfordringar for heimetenesta.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (02)

  • 06.01.:  Møte med Eviny
                 Møte med Straume Bensin
  • 07.01.:  NHO Oslo – Vest i Øst
  • 08.01.:  Interne møte
                 Besøk Sotra Fiskeindustri
  • 09.01.:  Besøk 7. klasse Toftøy skule
                 Møte om kraftsituasjonen
                 Møte med Norlandia Care
                 Møte med Sotra Sportsklubb
  • 10.01.:  Nyttårsmøtet til fylkesordføraren
  • 12.01.:  Felleskonferansen til Høgre, Oslo

Ordføraren neste veke (03)

  • 13.01.:  Felleskonferansen til Høgre, Oslo
  • 14.01.:  Bergenskonferansen
  • 15.01.-17.01.:  KS hovudstyre, Brussel (KS: fellesorganisasjon for                            kommunane
  • 18.01.:  Opning Friluftslivets år, Straume