- Verdas viktigaste industrianlegg
Det var fest i Øygarden då mottaksanlegget til Northern Lights på Ljøsøyna vart offisielt opna torsdag ettermiddag. Energiminister Terje Aasland (Ap) var tydeleg på at øygardssamfunnet kan vera stolte over å ha det første anlegget for lagring av CO2.
- De har all grunn til å vera stolte i dag, sa statsråden.
Les meir her.
- Vi treng fleire karbonfangstprosjekt
Ordførar Tom Georg Indrevik talte til dei tilsette i Equinor i Øygarden under den store opningsdagen 26. september.
- Northern Lights viser korleis vi kan bruka kunnskap og teknologi frå olje- og gassnæringa i nye grøne næringar, sa ordføraren.
Les meir her.
- Ønskjer gangavstand til butikk, doktor og apotek
Dag Olav Bjorøy og Trond Angeltveit var to av dei som møtte opp på arbeids- og informasjonsmøtet på Ågotnes tysdag kveld. Det handla om arealdelen til kommuneplanen som no er i ein startfase.
- Vi er glade i bygda vår, seier dei begge. Møtet på tysdag var det første av tre møte der innbyggjarane er inviterte til å møta opp på dei tre kommunedelsentera, Ågotnes, Rong og Skogsskiftet.
Les meir her.
Rekordmange utstillarar på frivilligdagane
Fredag ettermiddag var det offisiell opning av frivilligdagane 2024. Dette året er det rekordmange utstillingar med 29 lag og organisasjonar på plass med stand på Sartor Storsenter. På laurdag vert den flottaste standen kåra.
Les meir.
Vurderer å kjøpa tilbake areal på Ågotnes
Formannskapet sluttar seg til vurderingane frå kommunedirektøren når det gjeld framtid godshamn for bergensområdet. På møtet på tysdag vart det tilrådd å be ordføraren gå i dialog med andre eigarkommunar for å reia grunnen for ei betre og meir heilskapleg hamneløysing for heile regionen.
Les meir her.
- Vi kan klara dette
Ordførar Tom Georg Indrevik ønskte formannskapet og gruppeleiarane som ikkje sit i formannskapet velkomen til budsjettseminar på tysdag. Både ordføraren og kommunedirektør Johnny Breivik trur at Øygarden kan handtera dei store økonomiske utfordringane for kommunen, men at det må vesentlege grep til.
Les meir her.
- Det er noko konstant med kyrkja
I desse dagar vert det jubilert for Fjell kyrkje som er 150 år. Onsdag kveld var det temakveld der kristenretten og landslova stod på dagsorden. Etter innleiing ved professor emeritus Egil Morland og førsteamanuensis i historie Torgeir Landro var det panelsamtale om korleis vi vert utfordra av kristenretten i dag.
Les meir her.
- Vil gjerne jobba endå meir
Alla Skuchypets var ein av dei hundre deltakarane på jobbmessa i lokala til Øygarden vaksenopplæring tysdag.
- Eg tar fleire jobbdrag, seier Alla frå Lviv i Ukraina og som har jobba på Sundheimen sidan juni i år. På jobbmessa deltok ho op speed date med ISS. Alla bur på Eide saman med svigerfar og to barn.
Les meir her.
Influensavaksine
Her finn du informasjon om influensavaksinering i Øygarden kommune for sesongen 2024/2025. Sesonginfluensavaksine vert tilrådd personar som har auka risiko for alvorleg sjukdom og komplikasjonar ved influensasjukdom.
Les meir her.
- Dette datakurset bør du ta
I haust kan du som kan litt eller kanskje litt meir, ta grunnkurs i data.
- Dette burde vera obligatorisk i alle kommunar, seier Arne Herdlevær som har tatt dette kurset. På kurset kan du læra å nytta nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, videomøte og bestilling av varer og tenester.
Les meir her.
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (40)
- 30.09.: Interne møte, Førde (fylkestinget)
- 01.10.: Førde, fylkestinget
- 02.10.: Førde, fylkestinget
- 03.10.: Kommunestyremøte
- 04.10.: Sotra vidaregåande skule