Tilrår mandat og organisering av Framtidssamfunnet
Formannskapet tilrår samrøystes å godkjenna mandat og organisering av Framtidssamfunnet. Saka var til behandling på møtet måndag. Framtidssamfunnet skal organiserast som eit prosjekt med formannskapet som styringsgruppe. Kommunen har ansvaret for finansiering og drift av den administrative delen, medan dei ulike tiltaka/enkeltprosjekta vert finansierte særskilt gjennom prosjektmidlar, tilskot og bidrag frå deltakarar.
Les meir.
Stengjer det eine løpet i Damsgårdstunnelen
Damsgårdstunnelen vert stengt i retning Bergen sentrum frå fredag klokka 19.00. Statens vegvesen gjer merksam på at dette fører til store trafikale utfordringar komande helg. Det skal leggjast ned røyr og leidningar som kryssar vegbanen, og difor må ein grava over vegen på vestsida av Damsgårdstunnelen.
Les meir.
- Svært nyttig fagdag
Denne veka har kommuneplanutvalet, plan- og miljøutvalet og administrasjonen gjennomført fagdag. - Eg opplevde dette som ein lærerik dag. Eg trur dei andre politikarane og dei tilsette opplevde det same, seier leiar i kommuneplanutvalet Svein Otto Jacobsen.
Les meir.
Innfartsparkering: Veldig grei ordning, men det kan ta tid
Renie-Lill Ekrhovda var ein av mange som hadde parkert på innfartsparkeringsområdet på Straume tysdag ettermiddag. Ho jobbar som lærar på vidaregåande skule i Bergen sentrum og kombinerer transport med bil, innfartsparkering og buss dagleg.
Les meir.
Håpar mange bedrifter vil delta på jobbmesse
Tysdag 24. september vert det invitert til ny jobbmesse. Det er Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd som inviterer til jobbmesse for flyktningar. Prosjektmedarbeidar Ukraina, Kirsten Syljeset, arbeider aktivt mot bedrifter som kan presentera seg på jobbmessa og kva arbeidskraft dei har behov for.
Les meir.
- Dette datakurset bør du ta
I haust kan du som kan litt eller kanskje litt meir, ta grunnkurs i data.
- Dette burde vera obligatorisk i alle kommunar, seier Arne Herdlevær som har tatt dette kurset. På kurset kan du læra å nytta nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, videomøte og bestilling av varer og tenester.
Les meir.
Ringevikar reinhald
Reinhaldsavdelinga i Øygarden kommune søker etter ringevikarar på ulike institusjonar, helsebygg, administrasjonsbygg, kyrkjer, skular og barnehagar i kommunen.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (35)
- 26.08.: Eigarskapsdag, formannskapsmøte
- 27.08.: ONS-messe Stavanger (energi)
- 28.08.: Dialog om innovasjonsprosjekt
Møte med Monica Mæland, Bergen Næringsråd - 29.08.: Møte om Skogsskiftet
Samling Brytningstid - 30.08.: Møte arbeidsutval, Høgre
Revy Sotra Teaterlag - 31.08.: Opning Kulturminnedagane, Klokkarvik
Ordføraren neste veke (36)
- 02.09.: Interne møte
Møte om Spildepolden sykkelpark - 03.09.: Møte om cruise
Møte med Climeworks - 04.09.: Seminar Handlekraft
- 05.09.: Møte om Eideplanen
- 06.09.: Besøk frå Henrik Asheim til Northern Lights
NAV Human
Oppstart Natteravn Straume - 07.09.: Vigsel
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (36)
- 02.09.: Interne møte
Presentasjon Spildepollen - 03.09.: Dialogmøte
- 04.09.: Styremøte Det Vestnorske teater
- 05.09.-06.09.: MOT-samling i Trondheim
.