Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 19.

- Havbruksnæringa skal veksa

Frå måndag til onsdag denne veka vil tusenvis av besøkande vandra rundt om på den store messa for fiskeri- og havbruksnæringa HavExpo i Sotra Arena og fotballhallen på Straume i Øygarden. Statssekretær Even Tronstad Sagebakken (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet lova at regjeringa skal satsa på havbruksnæringa.
Les meir.

- Dagen er meir aktuell enn nokon gong

Onsdag 8. mai var det 79 år sidan Noreg vart fritt etter fem år med okkupasjon. På frigjerings- og veterandagen var det ei rekkje markeringar i Øygarden kommune.
- Det å markera denne krigshistoria er noko av det viktigaste vi kan gjera, sa ordførar Tom Georg Indrevik på markeringa i Telavåg.
Les meir. 

Ønskjer å oppheva stifting

Formannskapet tilrår samrøystes at Øygarden kommune, som ein av to opprettarar av Stiftinga Fjell festning (SFF), søkjer Lotteri- og stiftelsestilsynet om å oppheva stiftinga. Formannskapet var samla til møte tysdag. I tilrådinga heiter det at dersom SFF vert oppheva, er Øygarden kommune villig til å overta eigedomane som stiftinga eig no og å ta på seg ansvaret for drift og vedlikehald som sikrar varetaking av dei freda og verna anlegga.
Les meir. 

Alle skal få eige aktivitetsteppe

Denne veka presenterte Øygarden guiltelag dei første aktivitetsteppa som er laga til personar med demenssjukdom. 
- Dei 25 teppa som vart overleverte på måndag skal gå til bebuarar på Tednebakkane omsorgssenter, seier ergoterapeut Alyce Levik. Tidlegare har ergoterapeuten saman med gode medarbeidarar fått laga aktivitetsbrett for bebuarar på institusjonane i Øygarden som lir av demenssjukdom.
Les meir. 

Håpar mange melder seg på speed date

Den 14. mai samlast mange arbeidsivrige deltakarar på jobbmessa i Øygarden. 
- Eg håpar eg kjem i kontakt med mange aktuelle kandidatar på speed date, seier Jeanett Marthinussen i kompetanse- og bemanningssenteret i Øygarden kommune. Målet med jobbmessa er å få fleire flyktningar i arbeid. Jobbmessa er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, NAV og Vest Næringsråd.
Les meir. 

- Imponerande arbeid

Ordførar Tom Georg Indrevik og varaordførar Anita Garlid Johannessen fekk nyleg omvising på rehabiliteringsarbeidet på Fjell kyrkje. For 44 millionar kroner skal kyrkja pussast opp og gjerast klar til 150-årsjubileet til hausten. Øygarden kommune er oppdragsgjevar på vegner av Øygarden kyrkjelege fellesråd. Hovudentreprenør er Akasia.
Les meir. 

Startar arbeidet ved Brattholmen skule

Måndag 6. mai var det ei markering ved Brattholmen skule som gjeld oppstart av utbetringa av uteområdet og ny gangveg til Nygårdshøgda. Elevane stilte opp i «haugen» og song 17. mai-potpurri. Ordførar Tom Georg Indrevik heia på prosjektet saman med prosjektleiar i kommunen Andreas Kårbø og Are Mjøs frå Sartor Drange.
Les meir. 

BUA Øygarden fyller 5 år

Hipp hipp hurra! Vi feirar heile 5 år med BUA i Øygarden og inviterer heile kommunen til å feira med oss. Møt opp fredag 7. juni kl. 13.30. BUA Øygarden fyller 5 år
Les meir. 

Gjest på Bedehuskanalaen

Ordførar Tom Georg Indrevik er gjest i studio på Bedehuskanalen laurdag 11. mai kl. 19.45. I det 45 minutt lange intervjuet snakkar han om Øygarden kommune og korleis det er å vera ordførar i den nest største kommunen i Vestland. 
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (19)

  • 06.05.-08.05.:  Havexpo Straume
  • 06.05.:  Opning Havexpo
  • 07.05.:  Frukostmøte om Statlege planrettingslinjer
                 Havexpo
                 Møte i Bergen Hamn
                 Formannskapsmøte
  • 08.05.:  8. mai-markeringar
  • 09.05.:  Fri
  • 10.05.:  Finale Sartor Talenter


Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (20)

  • 13.05. :  Interne møte
                 Koordineringsutvalet
                 Møte om motorsportsenter i Samnanger
  • 14.05.:  Jobbmesse
                Digitalt stormøte om kommuneproposisjonen og 
                revidert nasjonalbudsjett
                Medlemsmøte FrP
  • 15.05.:  Beredskapsråd
  • 16.05.:  Opning av reiskapslager i Porsvika
  • 17.05.:  Leggje ned krans ved Fjell kyrkje