Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 06.

Kommuneplanutvalet følgjer opp kjernekraftsak

Formannskapet har med åtte mot tre røyster (Ap og SV) vedteke at vidare behandling av spørsmålet om kjernekraft i Øygarden må sjåast i samanheng med arbeidet med ny arealdel til kommuneplanen. I vedtaket på møtet onsdag heiter det at saka vert difor vidare vurdert og følgd opp av kommuneplanutvalet.
Les meir.

Opna digital læringskonferanse med KI-tale

-  Teknologi har endra måten vi lever på, både i arbeidslivet og privatlivet. Difor er det heilt nødvendig at vi tar i bruk digitale verktøy og læringsmetodar i grunnskolen for å førebu eleven  til framtida. Dette sa ordførar då han innleia Digg Læring-konferansen på Knappskog skule på fredag. Tema dette året var «Inkludering og god bruk av digitale verktøy».
Les meir.

Sluttar som leiar i Øygarden næringsutvikling

Hanne Misje Lokøy har sagt opp stillinga som konstituert dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF. I mai skal ho ta til som leiar av marknads- og kommunikasjonsarbeidet i Coast Center Base (CCB).
- Eg ser fram til å samarbeida med kommunen gjennom fleire av aktivitetane i CCB, seier ho.
Les meir.

Opsjonsavtale kan gje storinvestering i Energiparken

CCB Energy og Øygarden kommune har gjennom det felleseigde eigedomsselskapet Naturgassparken Vest AS inngått ein opsjonsavtale med Copenhagen Infrastructure Partners.
Les meir.

Øygarden er ein stor nynorskkommune

Onsdag denne veka fekk kommunen besøk av dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Svein Olav Langåker. 
- Øygarden er den mest folkerike nynorskkommunen i verda, slo han fast.
LNK er ein interesseorganisasjon der formålet er å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd.
Les meir.

Tek i bruk rasteplass for arbeid med Øygardskabelen

Statnett vil frå i dag av (5. februar) ta i bruk rasteplassen ved Solsvika i samband med bygginga av Øygardskablen 2. Statnett opplyser at det vert rigga til med arbeidsbrakker og lagerplass for arbeidarane med nytt muffehus og grøftetrasé nordover. Rasteplassen vert brukt til formålet i om lag to år.
Les meir.

- Dette likar eg

Vira Leschinska er ein av seks fordrivne frå Ukraina som 1. september starta i eit jobbprosjekt på Fjell sjukeheim og Straume bu- og servicesenter. Ho er klar på at ho likar seg i jobben som assistent. Assistentane er godt vaksne på 55 + og har oppgåver der det ikkje er nødvendig med helsefagleg utdanning. Sjå video om korleis dei seks assistentane opplever jobben.
Les meir.

Kulturskulekoret deltek på Valentine-konsert

Den 20. februar vert det invitert til «Valentine», ein musikalsk kveld i kjærleikens teikn. Mellom bidragsytarane på denne konserten er Øygarden kulturskulekor. På Valentin-konserten den 20. februar klokka 19.30 skal kjærleiken hyllast.
Les meir.

Markerte Samefolkets dag

Brattholmen skule markerte Samefolkets dag tysdag 6. februar. 3. trinn hadde ansvar for ei livesending på teams for alle elevane på skulen. Der var det song på samisk, intervju med ein tilsett som er samisk og kahoot. Til slutt avslutta heile skulen med BlimE- dansen ute.
Les meir.

Dagtilbod for personar med demens og hukommelsestap

Det er plass til fleire deltakarar på Demenskoret og Memento. Demenskoret er eit songtilbod, sentralt på Straume, som er tilrettelagt for personar som har utfordringar med hukommelse /demenssjukdom. Memento er ein møteplass for personar med utfordringar knytt til hukommelse, som ønskjer ein triveleg torsdag i lag med andre.
Les meir.

Startlånsdag på innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Ta ein uformell prat med tilsette frå kommunen om startlån. Møte opp fredag 9. februar kl. 12.00 – 16.00.
Les meir.

Vil du vera meddommar eller skjønnsmedlem?

Vi treng meddommarar til tingretten, lagmannsrett og jordskifteretten i tillegg til skjønnsmedlemer for perioden 1.1.2025 – 31.12.2028. Vil du gjera  ein viktig innsats for samfunnet? Er du mellom 21 og 70 år, beherskar norsk, har reint rulleblad og bur i Øygarden, så håper vi du vil søkja!
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (06)

  • 05.02.:  Presentasjon av mogleg prosjekt vest i havet
                 Deltok på Handlekraft
                 Møte med innbyggjarar på Nautnes
                 Møte med innbyggjarar i Blomvåg krins
  • 06.02.:  Vestlandskonferansen 
  • 07.02.:  Dialog med politiet
                 Møte med LNK/Nynorskkommunane
                 Formannskapsmøte
  • 08.02.:  Sending NRK Hordaland, Sotrasambandet 
                 Lansering av Blått Kvantesprang 
                 AU-seminar Høgre 
  • 09.02.:  Digg Læring-konferanse 
                 Møte med Norde fjell Handball
  • 10.02.:  NM Brass i Grieghallen 

Ordføraren neste veke (07)

  • 11.02.-14.02.: KS Landsting Trondheim (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
                           Årsmøte i Norske petroleumskommunar
  • 15.02.:  Helsefellesskap – partnarkonferanse 
                 Møte med foreininga Aldri Alene
  • 16.02.:  Frukostmøte Vest Næringsråd
                 Styringsgruppe Invest in Vestland