Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 37.

Desse er valde inn i det nye kommunestyret

Valstyret for Øygarden kommune godkjende onsdag møteboka med kandidatkåring av representantane i kommunestyret. Kommunestyrevalet enda opp med at Høgre fekk 14 representantar, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet med sju representantar i kommunestyret for perioden 2023-2027.
Les meir.

Velkomen til Etablerardagen!

Vest Næringsråd inviterer til open fagdag for nye og etablerte bedrifter i Øygarden. På denne dagen vil du få «siste nytt» om sosiale medium, offentlege innkjøp og støtteordningar og rådgjeving.
Les meir.

To tusen samla til MOT-fest

Det yrte av ungdom inne  og ute på idrettsområdet på Straume på fredag. Alle ungdomsskulane var samla til MOT-fest, og stemninga var god. Det vart flagga med MOT-flagg på rådhuset og på ungdomsskulane.
Les meir.

Klara Breivik 100 år: - Eg vil helst klara meg sjølv

Fredag 15. september var ein stor dag for Klara Breivik og familien hennar. På fredag kom ordførar Tom Georg Indrevik på besøk for å hylla 100-åringen.
Les meir.

Vedlikehaldsarbeid på Tofterøy bru

Vestland fylkeskommune skal utføra vedlikehaldsarbeid på Tofterøy bru frå september 2023 til oktober 2024. Arbeidet starta 4. september 2023 og skal vera ferdig til 5. oktober 2024.  Det er i hovudsak overbygning/køyrebana som skal rehabiliterast.
Les meir.

Næringslivet er middels tilfreds med kommunen

Næringslivet er middels til godt tilfreds med kor næringsvennleg Øygarden kommune er og kva evne kommunen har til å leggja til rette for og yta service for næringslivet. Dette er noko av det som kjem fram på ei spørjeundersøking gjennomført av som ein del av prosjektet Næringsvennleg kommune.
Les meir.

Reduksjon av kontingent i Øygarden kulturskulekor hausten 2023

Hausten 2023 vil kontingenten for elevar i kulturskulekoret vera kr 500,-. Kulturskulen set ned kontingenten i kulturskulekoret til kr 500 dette halvåret (haust 2023). Kommunen vil satsa på å bli ein «Syngande kommune» frå neste år og har sett av oppstartsmidlar til dette.
Les meir.

Mobilitetsveka i Øygarden

På programmet står spektakulære sykkelshow, trialløyper for barn, bilfri dag, fiks sykkelen sjølv-kurs og mykje anna. Temaet for årets mobilitetsveke er "Spar energi".
Les meir.

- Godt busstilbod frå Straume

Kristi Anne Veien var ein av dei mange som fekk bolle på veg til jobb i dag. På bussterminalen på Straume markerte Miljøløftet starten på Mobilitetsveka 2023. Tema for Mobilitetsveka er «Spar energi». Målet er å visa korleis ein kan bruka beina, sykkelen, kollektivtransport eller bildeling og samkøyring for å spara energi og få ein grønare kvardag.
Les meir.

Stengjer Kolltveittunnelen om natta neste veke

I samband med arbeid på austsida av den nye Kolltveittunnelen, vert dagens kolltveittunnell stengt nokre netter neste veke.
Les meir.​​​​​​​