Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 21. 


Sjakkmatt for ordføraren

Anna Ovidia Young (15) frå Knappskog er teken ut på ungdomslandslaget i sjakk og skal i november delta i sjakk-VM for ungdom i Montesilvano i Italia.
- Eg lærte meg sjakk av ein ven på SFO då eg var sju år, seier Anna Ovidia som torsdag utfordra ordførar Tom Georg Indrevik til å ta ein duell ved sjakkbrettet på innbyggartorget og biblioteket.
Les meir.

Samskaping er nøkkelen

Einingsleiarar og stab i Helse og velferd og HTV og vernetenesta var onsdag samla til leiarsamling. Også leiarar frå Oppvekst var invitert til denne samlinga.- Suksessen ligg i samskaping, sa prosjektleiar i NAV Vestland, Astrid Gjeraker, då ho saman med dagleg leiar i Læringsliv, Sverre Konrad Nilsen, presenterte metodikken NAV Human har utvikla for å få ungdom ut av NAV og inn i jobb.
Les meir.

Skal tilsetja eigedomssjef

I løpet av relativt kort tid tek Øygarden kommune sikte på å tilsetja eigedomssjef. Stillinga som assisterande kommunalsjef for Kultur og samfunn vert med dette justert til å ha eit dedikert ansvar for eigedom, drift og tekniske tenester. Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Silje Haukedal, seier at ei justering av assisterande kommunalsjefstillinga til eigedomssjef vil bidra til å styrkja rolla til kommunen som ein strategisk eigedomsaktør.
Les meir.

- Trigger gjer eit fantastisk arbeid

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg besøkte i dag Trigger AS og fekk omvising i lokala på Straume. Trigger har hovudkontor på Askøy og avdeling, som nyleg er utvida, på Straume. Dei utvida lokala på Straume legg til rette for moderne drift, utdanning og abeid.
- Det vert gjort eit fantastisk arbeid både når det gjeld opplæring og arbeidserfaring. Dei legg vekt på det kollegiale fellesskapet. Felles lunsj er eit døme på det, seier Selsvold Nyborg.
Les meir.

God erfaring med verksemdstyring

Erfaringa med verksemdstyring i Øygarden er god og nyttig. Det er oppsummeringa frå kommunedirektøren og kommunalsjefane etter at dei samtalte om dette verktøyet i plenum på ein prioriteringskonferanse for alle leiarane tysdag. Verksemdstyring skal bidra til å setja i verk politiske og administrative vedtak, prioriteringar og mål.
Les meir.

Framleis straumsparing, men meir arbeidsvarme

Tiltaket med maksimumstemperatur i kommunale lokale er oppheva.
I slutten av september i fjor vart det gjennomført ei rekkje tiltak for å redusera straumutgiftene til kommunen. Med forventa redusert forbruk på 20 prosent og ein gjennomsnittspris på tre kroner, rekna kommunedirektøren med at straumutgiftene i 2023 ville verta på om lag 53,6 millionar kroner.
Les meir.

Bruk av kjernejournal på sjukeheimar og i heimetenesta

Øygarden kommune tek til sommaren i bruk kjernejournal på bu- og servicesenter, sjukeheimar og i heimetenesta. Kjernejournal er eit nasjonalt digitalt helsesystem, som deler viktige helseopplysningar på tvers i helsevesenet. 
Les meir.

Studietilbod for flyktningar


Universitetet i Bergen tilbyr ei rekkje studietilbod for flyktningar hausten 2023. Flyktningar som ønskjer rettleiing, kan kontakte oss på følgjande kontaktskjema eller i  informasjonsskranken vår på Internasjonalt senter (Studentsenteret, Parkveien 1).
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (21)

  • 22.05.:  Interne møte
                  Deltok på segling til Fjordtinget
  • 23.05.:  Fjordtinget
  • 24.05.:  Agenda Vestland – Handlekraft
  • 25.05.:  Møte i Miljøløftet
                  Besøk til demenskorøving
                  Duell med sjakkspelar som skal delta i Sjakk-VM for ungdom
                  Møte om parkering Pyttane
                  Synfaring Straume Panorama
  • 26.05.:  Trappeløp rådhuset
                   Generalforsamling i Trigger AS

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (21)

  • 22.05.:  Interne møte
  • 23.05.:  Besøk til Trigger
  • 24.05.:  Generalforsamling i Eviny AS

Varaordføraren neste veke (22)

  • 29.05.:  Opning av ny bane i Idrettsparken

  • 30.05.:  Møte i administrasjonsutvalet
                Reise til Aure

  • 31.05.:  Møte i Nettverk av petroleumskommunar (NPK)
                Synfaring Tjeldbergodden

  • 01.06.:  Styremøte i NPK

  • 02.06.:  25-års-jubileumsmarkering Knappskog skule

  • 03.06.:  40års-jubileumsmarkering  Bildøy Bibelskole

  • 04.06.:  Utstein Kloster
                50års-jubileumsmarkering som sykepleiar