Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 12.

Historisk dag for Sotrasambandet

I ausande regnvér vart det onsdag formelt markert oppstart på bygging av Sotrasambandet. Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) sa at dette sambandet verkeleg vil gjera det lettare å koma fram.
- Dette vil bringa Bergen nærare Øygarden, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Vil ha dialog om ny godshamn

Formannskapet vil at Bergen hamn skal fokusera på løysingar som fremjar sjøtransporten i regionen i samsvar med vedtekne strategiar og visjonar. I tilrådinga til kommunestyret heiter det vidare at Bergen Havn AS vert beden om å gå i dialog CCB AS og eigarane av basen på Ågotnes for å utgreia ei heilskapleg og framtidsretta hamneløysing på Ågotnes, som også inkluderer utanlandsferjer.
Les meir.

Eit annleis flyktningår

Øygarden kommune busette om lag 200 flyktningar i 2022. Dei fleste kjem frå Ukraina, men kommunen tek også imot flyktningar frå fleire andre land. Kommunestyret har gjort vedtak om å ta imot like mange flyktningar i 2023. Korleis er situasjonen no og kva er utfordringane framover?
Les meir.

Prisdryss på Energimessa

Det var mykje jubel på Energimessa på Sartor Storsenter på torsdag då kommunedirektør Johnny Breivik gjorde kjent at dei tre prisane går til Hjelteryggen skule, Landro skule og Knappskog skule.
- Eigentleg fortente alle skulane å verta premierte, sa Breivik.
Les meir.

Skaparglede og innovasjonskraft på Energimessa

Onsdag vart Energimessa 2023 offisielt opna på Sartor Storsenter. Seks skular har utstilling i dag og torsdag.
- Energimessa er eit viktig samarbeid mellom skulen, næringslivet og kommunen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Tilrår 5. dose koronavaksine til dei over 75 år

Helsestyresmaktene tilrår no ny oppfriskingsdose med koronavaksine i løpet av mars/april til aldersgruppa 75 år og eldre. Dette gjeld også sjukeheimsbebuarar.
Les meir.

Stor interesse for møte om helikoptertrafikk

Opp mot 80 personar deltok på møtet onsdag kveld om helikoptertrafikk og støyreduserande tiltak. Frå Avinor deltok mellom anna lufthavndirektør Helge Eidsnes, sikkerhetssjef Jan Per Fosse og fagansvarleg for miljø Peter Holmkvist.
Les meir.

Presenterte familiestøtteprogram for statsråd

Barne- og familieminister Kjersti Toppe møtte tidlegare i mars tilsette og frivillige i Home-Start Familiekontakten (HSF) Øygarden. Statsråden sa at dette er eit viktig tilbod i ein hektisk småbarnsperiode.
Les meir.

Nye lokale for kommunepsykologane for barn og unge

Tidlegare i mars fekk kommunepsykologane for barn og unge nye lokale på Straume.
- Dette er greie lokale som ligg nær busstasjonen, seier einingsleiar for barn, unge og familietenester, Berit Algrøy.
Les meir.

Partitopp besøkte Energiparken

Leiar i KrF, Olaug Bollestad, besøkte måndag Energiparken og fekk innføring i arbeidet med karbonfangst og lagring, Trollvind-prosjektet og utviklingsplanane for Kollsnes og Sture.
- Det er viktig å synleggjort dei felles utfordringane Noreg og Europa står overfor, sa partileiaren etter møtet.
Les meir.

Velkomen til Kulturskulevekene

I veke 12 og 13 vert du invitert til Kulturskulevekene. Vi viser fram dei flotte aktivitetane vi har i kulturskulen. Arrangementa er gratis. Invitasjon til å vera medarrangør i ferietilbod til barn og unge.
Les meir.

Invitasjon til å vera medarrangør i ferietilbod til barn og unge

Øygarden kommune søkjer etter lokale aktørar som vil tilby aktivitetar til barn og unge i feriar i skuleåret 23/24.
Les meir.

Barneverntenesta søkjer hybel/leiligheit med vertsfamilie

Barneverntenesta i Øygarden kommune søkjer hybel/leiligheit med vertsfamilie til gut på 18 år. Guten skal starte i lære som røyrleggjar frå hausten.
Les meir.

Startlån frå Øygarden kommune og Husbanken

Har du varige vanskar med å kjøpe eigen bustad, men har økonomisk evne til å betene renter og avdrag på eit bustadlån? Kanskje Øygarden og Husbanken sitt startlån er noko for deg?
Les meir.

Tore har mange grunnar for å ta bussen

- Dersom du forseinkar fem tusen menneske med tre-fire sekund, går ein arbeidsdag vekk i kø fordi du sit i bilen på veg til jobb. Dette seier Tore Furevik som har gått frå bil til buss og tek direktebussen dagleg frå Foldnes til Bergen sentrum.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (12)

  • 20.03.:  Interne møte
                Besøk av leder i KrF, Olaug Bollestad
  • 21.03.:  Dialog møte med Statsforvaltaren om Bildetangen
                Formannskapsmøte
  • 22.03.:  Miljøløftestyringsgruppe
                Markering av første salve for Sotrasambandet
                Folkemøte om helikopterstøy
  • 23.03.:  Eigarmøte ØyVAR
                Årskonferanse NHO Vestland m/ middag
  • 24.03.-26.04.:  Landsmøte Høgre, Oslo

Ordføraren neste veke (13)

  • 27.03.:  Interne møte
                Eigarmøte Øygarden bustadforvaltning KF
  • 28.03.:  Status for mobilitetsprosjektet
                Årskonferanse Sjømat Norge i Bergen
                Innlegg Voss Høgre
  • 29.03.:  Gå og snakk med CCB og VNR
                Styremøte i MOT
                Møte om Ebbesvik
  • 30.03.:  Kommunestyre
                12 rette finale Sartor Storsenter
  • 31.03.:  Møte i Bergensalliansen
  • 01.04.:  Krafttak mot kreft-arrangement på Sartor Storsenter

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (12)

  • 20.03.:  Interne møte
                 Industribesøk med partileiar og stortingsrepresentant, Olaug Bollestad
  • 21.03.:  Styremøte i Solli DPS
  • 22.03.:  Privat avtale
  • 23.03.:  Robotisering, Oreon Kino Sotra
                 Intervju Straume Forum
  • 24.03.:  Styreseminar, Øygarden bustadforvaltning KF

Varaordføraren neste veke (13)

  • 27.03.: Interne møte
               
    Gruppemøte

  • 28.03.-29.03.: Privat avtale

  • 30.02.:  Kommunestyremøte

  • 31.03.:  På rådhuset