Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 11.

Vil ha dialog om ny godshamn

Kommunedirektøren føreslår i ei sak om finansiering og flytting av godshamna til Ågotnes at Bergen Havn AS går i dialog med CCB AS og eigarane av basen på Ågotnes for å utgreia ei heilskapleg og framtidsretta hamneløysing på Ågotnes, som også inkluderer utanlandsferjer. Saka skal til behandling i formannskapet den 21. mars og seinare i kommunestyret.
Les meir.

Vil behandla plan for Ågotnes sentrum

Med åtte mot tre røyster tilrår utval for plan å vedta detaljregulering for Ågotnes. Kommunedirektøren tilrådde å senda planen tilbake til kommuneadministrasjonen for vidare arbeid. I utgreiinga skriv kommunedirektøren at sentrumsplanen inneheld gode intensjonar, men har preg av ikkje å vera ferdig gjennomarbeidd. Han viser også til at det ligg føre ei uavklart motsegn.
Les meir.

Tilrår endring i opplegget for skuleturar for 10. klasse

Utval for tenester og levekår (UTL) sluttar seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om å endra eit tidlegare vedtak på skuleturar til Polen i samsvar med økonomiplanen for 2023-2026. Tidspunktet for skuleturarane vert endra til hausten. Når det gjeld lengda på reisene, tilrår utvalet noko lengre reiser enn det kommunedirektøren hadde innstilt på.
Les meir.

Tilrår at namnet skal vera Hjelteryggen

Utval for samfunnsutvikling vedtok tysdag høyringsuttale til namnesak om skrivemåte av primærnamn og avleidde namn. Utvalet slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren. Kartverket har teke opp namnesak for fleire stadnamn som har status som «føreslege» i Sentralt stadnamnregister. Namnesaka har vore ute til offentleg høyring. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg.
Les meir.

Handballgutane møter toppnasjonar i Øygarden i november

2. – 5. november skal det spelast seks internasjonale handballkampar i Sotra Arena der det norske landslaget er eitt av laga. Gjensidige Cup er ei Golden League-turnering med fire internasjonale topplag; Danmark, Nederland, Spania og Noreg.
Les meir.

Elevane gler seg til Energimessa

22. og 23. mars skal elevar frå grunnskulen og den vidaregåande skulen visa fram kreative og innovative løysingar for framtida på Energimessa på Sartor Storsenter.
- Det blir veldig gøy og spennande å visa fram det vi har laga til Energimessa, seier Jørgen Bergsvik Hatløy i 5. klasse på Knappskog skule.
Les meir.

Jubla for 10 år med gjenbruk

Det var berre blide ansikt hjå medarbeidarane på NMS Gjenbruk Sotra på Straume i dag. Med nysteikte sveler, kaffi og ordførarbesøk låg alt til rette for ein jubeldag og markering av 10-årsjubileet for gjenbruksbutikken.
Les meir.

Møte om helikoptertrafikk over Øygarden

I samarbeid med Avinor inviterer Øygarden kommune til ope møte om helikoptertrafikk og helikoptertraséar over Øygarden. Møtet vert halde i kultursalen i Øygarden rådhus på Straume 22. mars klokka 19.30.
Les meir.

Jubilerer med konsert med Real Ones

Nordsjøfartmuseet er 25 år i 2023. Den 27. april kl. 19.00 kan du oppleva bandet i ein flott jubileumskonsert på museet i Telavåg. Det er lagt ut 100 billetter til konserten, så her handlar det om å vera førstemann til mølla.
Les meir.

Best i lesing i Vestland

Klasse 6b på Brattholmen skule vann 1. premie i Vestland fylke i lesekonkurransen til Norli i 2022. Onsdag 15. mars kom dagleg leiar Christel Andnes ved Norli Sartor, på besøk for å overekka pokal og fine ord til klassen.
Les meir.

Har tildelt kontrakt på ein kvart milliard

Statnett tildeler Iljin Electric kontrakt på Øygardskabelen 2. Kontrakten inkluderer prosjektering, produksjon og installering av eit nytt 15 kilometer langt jordkabelanlegg mellom Solsvika og Blomøyna. Kontrakten har ein verdi på om lag 250 millionar kroner.
Les meir.

Kanonlaurdag i heile kommunen

Førstkommande laurdag 18. mars er det kanonlaurdag på innbyggartorga og biblioteka på Straume, Skogsskiftet og Rong. Det vert arrangement for barn og vaksne. Arrangementa er gratis. Velkomen!
Les meir.

Allsong på Odeon Kino

Til alle musikkinteresserte seniorar i Øygarden kommune. Velkomen til fellesskap og song! Første allsong er torsdag 30. mars kl. 13.00.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (11)

  • 13.03.:  Interne møte
                 Synfaring Ekerhovd skul
  • 14.03.:  Nasjonal ordførermøte i Oslo
                 KS årsmiddag Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
  • 15.03.:  KS-konferanse i Oslo
                 NMS Gjenbruk 10 år
  • 16.03.:  Eigarmøte Øygarden næringsutvikling KF
                 Fornybarkonferansen
                 KPMG årskonferanse
  • 17.03.:  Eigarmøte Eviny
                 Eigarmøte Invest in Bergen
  • 17.03.-18.03.:  Konferanse – Saman om støtte – Vestland idrettskrets

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (11)

  • 13.03.:  Interne møte
  • 14.03.:  Rådhuset
                Styremøte KrF
  • 15.03.:  Rådhuset
  • 16.03. - 17.03.:  Privat avtale

Varaordføraren neste veke (12)

  • 20.03.:  Interne møte
                Industribesøk med partileiar og stortingsrepresentant, Olaug Bollestad
  • 21.03.:  Styremøte i Solli DPS
  • 22.03.:  Privat avtale
  • 23.03.:  Robotisering, Oreon Kino Sotra
                Intervju Straume Forum
  • 24.03.:  Styreseminar, Øygarden bustadforvaltning KF