Spenstige tankar om det framtidige Straume
På onsdag denne veka presenterte to arkitektaktørar førebelse idear om framtidig bruk av området mellom rådhuset og Sartor Storsenter. Begge aktørane er opptekne av at det må vera ein tydeleg miljøprofil over korleis området vert utvikla.
Les meir.
Miljøløftemøte i Øygarden kommune
Det handla om kollektivprisar, fordeling av planleggingsmidlar, aktivitetsplan og bypakke Bergen då styringsgruppa for Miljøløftet hadde møte 18. januar. Denne gongen var møtet lagt til Øygarden, kulturhuset på Straume. Miljøløftet er eit samarbeid mellom stat, fylke og fem kommunar som har mål om nullvekst i personbiltrafikken i bergensområdet.
Les meir.
Dette er den nye byggesaksleiaren
Reidun Våge Danielsen er tilsett som einingsleiar for byggesak, tilsyn og miljøforvaltning. Ho tek til i stillinga i april. Våge Danielsen (46) er utdanna jurist og har erfaring frå Statsforvaltaren og Bergen kommune. Ho kjem no frå stillinga som fagleiar for eigedomsutvikling og sal i eigedomsavdelinga i Bergen kommune.
Les meir.
Skal fastsetja fleire primærnamn
Skal det heita Hedlo eller Hella, og skal namnet vera Hjelteryggen eller Hjeltaryggen? Dette skal nå fastsetjast. Fram til 6. februar har du høve til å koma med innspel til desse og fleire andre primærnamn i Øygarden kommune. Kartverket har teke opp namnesak for fleire stadnamn som har status som «føreslege» i Sentralt stadnamnregister. Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk.
Les meir.
Gassen er avgjerande for Europa
- Dette anlegget er avgjerande for energisituasjonen i Europa. Det var olje- og energiminister Terje Aasland tydeleg på då han besøkte Kollsnes prosessanlegg i dag. Han besøkte også anlegget til Northern Lights i Energiparken. Statsråden var oppteken av kor viktig olje- og gassproduksjonen er no i ei krevjande tid for Europa.
- Betydninga gassen har for energiforsyninga har vore litt undervurdert. Eg kan nesten ikkje skildra med ord kor viktig dette er, sa Aasland.
Les meir.
«Alle» var der
Folk gjekk i kø for å koma seg ut til den nye dagsturhytta på Rambogen sørvest på Blomøyna på laurdag. Dette var dagen då den nye hytta skulle offisielt opnast. Namnet på den nye hytta vart også kjent denne dagen; Rambua. Dei som vart best til å telja, meinte det var meir enn 500 personar til stades då ordførar Tom Georg Indrevik offisielt kunne opna dagsturhytta med jublande barn rundt seg.
Les meir.
Idédugnad om tilbod om varmmat
Øygarden kommune inviterer restaurantar, kaféar og catering føretak til idédugnad. Målet med samlinga er å arbeida fram korleis ein kan samarbeida om å tilby varm mat heim til seniorar og pensjonistar i kommunen. Møtet er lagt til kultursalen på Straume kl. 10.00 – 12.00 den 9. februar.
Les meir.
Kraftig auke i funn av døde fuglar
Den siste tida har det kome inn fleire tips om funn av døde fuglar. Dette gjeld særleg svarer og hegrar. Rådgjevar for miljø, Synniva Vatle, opplyser at det er registrert kraftig auke i funn av døde fuglar. Ei svane er sendt til Mattilsynet for testing for fugleinfluensa.
Les meir.
Klima- og miljøprisen i Vestland
Vestland fylkeskommune deler ut klima- og miljøprisen for 4. gong. Det er no mogleg å nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder som har utmerka seg innanfor klima- og miljøvernarbeid det siste året eller over tid.
Les meir.
Satsar på «Kanonlaurdag» i heile kommunen
Innbyggartorga og biblioteka i Øygarden sparkar i gang med «Kanonlaurdagar» i januar. Saman med tilsetteamet og programansvarleg, Trude K. Bendiksen, har er det utarbeidd eit mangfaldig tilbod til øygardsfolket.
Les meir.
Velkomen til Ungdommens kulturmønstring (UKM) 2023!
Helga 10.-12. mars skjer det mykje for ungdom i Øygarden og på Askøy. Laurdag 11.03. blir det rockefest i Ungflimmer ungdomskulturhus på Askøy. Sundag 12.03. blir det stort fellesarrangement i Øygarden, her kan du vise fram kva du driv med innan musikk (utanom rock), dans, kunst, litteratur, teater, dataspel og film.
Les meir.
Straumstøtte til lag og organisasjonar
Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for ein ny søknadsrunde om staumstøtte, søknadsfristen er 15. februar kl. 13.00. No kan du søkja straumstøtte for perioden oktober, november og desember 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betala ut straumstøtte fortløpande.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (03)
- 16.01.: Interne møte
Besøk av olje- og energiminister Terje Aasland
- 17.01.: Innlegg for utval for samferdsel og mobilitet, Vestland fylke
Styremøte/årsmøte Nettverk av petroleumskommunar (NPK)
- 18.01.: Møte i Miljøløftet (Øygarden rådhus, Straume)
Møte Parallelloppdrag Straume
- 19.01.: Innlegg på Framsikt-konferanse, Oslo
- 20.01.: Besøk til 100-årsjubilant Bergljot Karen Holmgren
Møte med Vest Næringsråd
Ordføraren neste veke (04)
- 23.01.: Interne møte
Møte om Foldnes Utbygging
Møte med Invest in Bergen
- 24.01.: Møte med Liegruppen
Møte med Blom Seafood
Staten møter kommunane, Solstrand
- 25.01.: Staten møter kommunane, Solstrand
Innlegg Revmatikerforbundet
Rektors festkonsert UIB
- 26.01.: Kulturskuleseminar Oslo
Øygarden ungdomsskule 25 år
- 27.01.: Sjefsmøte 2023 Heimevernet 25 år HV09, middag
Varaordførar Torill Selsvold Nyborg neste veke (04)
- 23.01.: Interne møte
Styremøte i Øygarden bustadforvaltning KF
- 24.01.: Kontordag på Straume
- 25.01. - 26.01.: Privat avtale
- 27.01.: Møte i Vannområdet Vest