Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 46.

No skal vi utforma framtidas regionsenter

- Målet er å skapa eit levande sentrum på Straume der det er godt å bu og vera. Det seier assisterande kommunalsjef i Kultur og samfunn, Rune Landro, nokre dagar før oppstartsmøtet for parallelloppdrag Straume den 23. november. I mars vert det utsilling av moglege skisser for utviking av Stovevatnet-området.
Les meir.

Alle i alderen 18 til 64 år får tilbod om koronavaksine

Regjeringa har avgjort at alle personar mellom 18 og 64 år utan underliggjande sjukdomar skal få tilbod om en ny oppfriskningsdose koronavaksine.
Les meir.

Ei ære å få denne prisen

Måndag kveld vart Arne Asphaug tildelt kulturminneprisen til Sund Sogelag.
- Eg oppfattar dette som ei ære, seier prisvinnaren. Det var duka til fest i Nordsjøfartsmuseet då kulturminneprisen skulle delast ut for andre gong. Prisen er eit heidersteikn for framifrå innsats i arbeidet med å ta vare på kulturminne i Sund.
Les meir. 

Prioriterte spelemiddelsøknader

Utval for tenester og levekår sluttar seg til tilrådinga frå kommunedirektøren når det gjeld prioritering av spelemidlar for 2023. Utvalet var samla til møte onsdag.  Det ligg ei prioriteringsliste på 20 prosjekt innan idrett og fysisk aktivitet og eitt prosjekt innan nærmiljøanlegg. Dei tre høgast prioriterte prosjekta innan fysisk aktivitet er symjebasseng Hjeltefjorden arena (9,5 millionar kroner), Spildepollen skuleområde (10,8 millionar kroner) og kunstgrasbane Spildepollen (2,7 millionar kroner).
Les meir.

Kva tenkjer du om framtidas kollektivtilbod?

Skyss har utarbeidd Mobilitetsplan vest som handlar om korleis det samla kollektiv- og mobilitetssystemet bør vera i framtida. Du vert invitert til å koma med kommentarar og merknader til planen. Planen omtalar særleg korleis kollektiv- og mobilitetssystemet bør vera når det nye elektriske båtsambandet mellom Kleppestø og Strandkaien opnar i 2024 og når Sotrasambandet står ferdig i 2027.
Les meir.

Legg plan for Storevarden til offentleg ettersyn

Utval for plan vedtok torsdag å leggja detaljregulering for Storevarden, Rong, ut til offentleg ettersyn.  Planen legg opp til etablering av inntil 30 nye bueiningar fordelt på 19 bustadbygg i form av ein- og tomannsbustader. I tillegg inngår fire eksisterande bustader i planen. Planområdet ligg om lag to kilometer sør for Rong kommunedelsenter.
Les meir. 

Melder ikkje ulovleg flaggheising til politiet

Øygarden kommune har etter ei totalvurdering konkludert med at heisinga av det russiske flagget på ei av flaggstengene ved Øygarden rådhus på Straume natt til sundag ikkje skal meldast til politiet.
Les meir.

Har forskjønna området ved Foldnes kyrkje

- Til våren vil vi sjå dette bløma. Det seier Kari Vatne i Sotra Hagelag om blomsterbedet som er rydda opp ved amfiet ved Foldnes kyrkje. Gode hjelparar som Sparebanken Vest, Fana Sparebank og kommunen har bidrege med pengar til prosjektet som har resultert i at området framfor amfiet er gjort vakrare. Nærmiljø Hage og Anlegg AS har gjennomført arbeidet i tillegg til dugnad frå hagelaget.
Les meir.

Besøk frå trafikktryggingsutvalet i Vestland

- Vi set stor pris på at trafikktryggingsutvalet kjem til Øygarden, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte utvalet velkomen til møtet som måndag var lagt til Øygarden. Etter eit kort møte i rådhuset på Straume, var det synfaring nord mot Ågotnes og Toftøyna, Vestsidevegen og til sist Krossleitet.
Les meir. 

Besøk frå Europarådet

Domagoj Hajdukovic frå Europarådet sin kommisjon for migrasjon har besøkt Noreg som ein del av arbeidet med ein rapport om integrasjon av migranter og flyktningar. Han held på med å utarbeide ein rapport om beste praksis til bruk i samband med resolusjon til Europarådet si parlamentariske forsamling.
Les meir. 

Vil ha innspel til planar

Dei reisande møtte ivrige politikar på bussterminalen på Straume tysdag morgon.
- Vi vil gjerne at flest mogleg engasjerer seg i arbeidet med to planar vi er i startfasen på, seier Ernst Einarsen. Han er nestleiar i utval for tenester og levekår og leiar i råd for personar med funksjonsnedsetjing. Med seg på terminalen på Straume tysdag morgon hadde han varaordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar i utval for tenester og levekår, Jan Utkilen. Dei reisande møtte også politikarar på terminalen i Skogsskiftet.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (46)

  • 14.11.:  Interne møte
                 Styremøte i Norske Petroleumskommunar
                 Fylkestrafikksikkerhetsutvalg
                 Opning av forskjønning ved Foldnes kyrkje
                 Sund Sogelag – kulturminnepris
  • 15.11.:  Dialog med AG
                 Interne møte
                 Fylkesstyremøte Høgre
    16.11.:  Seminar CCB
    17.11.:  Opning av Kid Sartor
                Equinor dialogmøte om vind
  • 18.11.:  Årskonferanse Bergen Næringsråd
  • 19.11.:  Budsjettkonferanse
                 Vigslar
  •  20.11.: Sentralstyremøte Høgre, Oslo

Ordføraren neste veke

  • 21.11.:  Interne møte
                 Homestart 15 år – seminar
  • 22.11.:  Møte med Kurt Toft
                 Formannskapet
  • 2311.:   Oppstart parallell seminar Straume
                 Innlegg på CCUS seminar
                 Folkemøte vedr Straume
  • 24.11.:  Med om One Ocean
                 GCE Subsea partnarseminar
  • 25.11.:  Politiråd
                Dialogmøte med Riksrevisjonen
                Oppsummering av OTD Energy
  • 26.11.:  Julegrantenning Rong - Fjordparken
  • 27.11.-28.11.:  Ordførarsamling Tysnes

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (46)

  • 14.11.:  Interne møte
                15-årsjubileum Pitstop
  • 15.11.:  Deler ut Flyers på busstasjonen
  • 16.11.:  Gruppeleiarmøte
                Førebu budsjettet17.11.:  Styremøte i Solli DPS
                Møte i Møllestykket
  • 18.11.:  Fri 

Varaordføraren neste veke (47)

  • 21.11.:  Interne møte
                15-årsjubileum Home Start
                Møte i nominasjonsnemd til KrF
  • 22.11.:  Formannskapsmøte
  • 23.11:  Besøk til Blomvåg barnehage (NLM)
                Styremøte Øygarden KrF
  • 24.11.:  Fri
  • 25.11.:  Styremøte i Øygarden Bustadstifting
                 Kåseri Foldnes kyrkje, Mannsgruppa