Kommunedirektøren tek straumgrep
Kommunedirektør Johnny Breivik gjennomfører straumtiltak som kan gje ein reduksjon i forbruket på 20 prosent i 2023. Tiltaka vert sette i verk allereie i haust.
- Trass i at vi gjennomfører desse tiltaka, vert straumrekninga om lag like høg i 2023 som dette året, seier Breivik. Pr. 1. september ligg kommunen an til eit mindre straumforbruk på 9,5 prosent samanlikna med 2021.
Les meir.
Mennesket i sentrum
Laurdag vart det nye innbyggartorget og biblioteket på Straume offisielt opna.
- Det moderne biblioteket prioriterer set mennesket i sentrum og er ein sosial og lokal møteplass som vert stadig viktigare, sa fungerande ordførar Torill Selsvold Nyborg før ho klipte snora og erklære innbyggartorget og biblioteket for offisielt opna. Dei som møtte fram frå klokka 12 på laurdag, fekk ta del i eit rikhaldig program.
Les meir.
Ønskjer inga endring i politisk delegeringsreglement
Med seks mot fire røyster går formannskapet inn for å avvisa saka om endringar i politisk delegeringsreglement. Delegeringsreglementet vert dermed liggjande fast slik det er i dag. Formannskapet var samla til møte tysdag. Silvia Haugland (H) opplyste frå talarstolen at fleirtalskonstellasjonen ikkje var samde i denne saka og føreslo å avvisa saka som går til endeleg behandling i kommunestyret.
Les meir.
Heildagsmøte for kommunestyret
Rundt 20 saker skal behandlast av kommunestyret torsdag 6. oktober. Møtet tek til klokka 09.00. Av saker som skal behandlast er sluttbehandling av detaljregulering for Energiparken Vest, oppgjer etter skifte av pensjonsselskap og eigarskapsmelding.
Les meir.
Mange har behov for tilrettelagde bustader
Utval for tenester og levekår har vedteke å starta opp arbeidet med bustadsosial temaplan og strategisk plan for kultur og frivilligheit i Øygarden kommune 2023-2027. I haust vert det gjennomført fleire medverknadsaktivitetar for å engasjera innbyggjarane. Mellom anna vert innbyggjarane inviterte til å vera med i «gjestebod». Dette er eit uformelt diskusjonsmøte der innbyggjarane i mindre grupper kan diskutera aktuelle tema.
Les meir.
FNs internasjonale eldredag 1. oktober 2022
Den internasjonale eldredagen har kvart år eit motto. I år er mottoet: Eldre menneske si motstandskraft i ei verd i endring. Det ligg ei oppmoding frå FN om at vi i markeringa av dagen skal ha særleg merksemd på innhaldet i mottoet. Den internasjonale eldredagen har kvart år eit motto. Det ligg ei oppmoding frå FN om at vi i markeringa av dagen skal ha særleg merksemd på innhaldet i mottoet. Øygarden eldreråd har gjeve uttale om denne dagen.
Les meir.
Gratisbillettar til OTD ENERGI
OTD har sidan starten i 1999 utvikla seg til å bli den leiande møteplassen for norske selskap i olje, energi og offshorebransjen. Messa vert gjennomført 19. og 20. oktober i Sotra Arena og fotballhallen på Straume. Målet til OTD er å vera eit verktøy for norske leverandørar. Dette omfattar både byggja nettverk mellom selskap, kopla innkjøparar og leverandørar, etablera samarbeid og utvide personlege nettverk. Øygarden næringsutvikling skal ha stand saman med Vest Næringsråd og Øygarden kommune.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (39)
- 26.09.-02.10.: Deltaking på One Ocean
Varaordførar (fungerande ordførar) Torill Selsvold Nyborg denne veka (39)
- 26.09.: Interne møte
Møte med Vestland fylkeskommune om regional plan for klima via Teams
Styremøte i Øygarden bustadutvikling
Møte med KS (fellesorganisasjon for kommunane) om skulestreiken,
Via Teams
- 27.09.: Formannskapsmøte
KrF-samling, Straume Forum
- 28,09.: Fremtidens industribedrift
- 29.09.: Privat
- 30.09.: Møte med arbeids-og inkluderingsminister via Teams
Møte med BiR
Eldredag og fest i Øygarden
Varaordføraren neste veke (40)
- 03.10.: Interne møte
- 04.10.: Møte med PitStop
Utdeling av Frivilligpris
- 05.10.: Dialogmøte med Norske Shell
- 06.10.: Kommunestyremøte
- 07.10.: Møte med privat barnehageeigar
- 09.10.: Avduking av statue over Johannes Kleppevik