Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 33.

 

Nautnes akuttmottak vert lagt ned

Utlendingsdirektoratet (UDI) har avgjort at Nautnes akuttmottak i Øygarden har sin siste driftsdag 14. september. Hero har vore driftsoperatør for mottaket. På det meste har det vore 128 flyktningar frå Ukraina på Nautnes.
Les mer.

Tilrår 39 medlemer i kommunestyret

Eit politisk arbeidsutval går inn for at talet på kommunestyremedlemer vert redusert frå 45 til 39 medlemer. Kommunedirektøren legg fram sak om dette til formannskapet 23. august. Neste veke er det også møte i utval for tenester og levekår (24. august) og utval for plan (25. august).
Les meir.

Tilbod om fjerde dose for 65+

Kommunen gjennomfører massevaksinering i Sotra Arena i veke 36. Det er allereie no mogleg å bestilla time på nettsida til kommunen. Nokre apotek har også tilbod om vaksinering. Informasjon om dette finn du på nettsida til kommunen. Det er avgrensa med tal timar på apoteka. Dei som ønskjer vaksine der, må nytta lenkjene til dei ulike apoteka for å bestilla time.
Les meir.

Viktig å byggja relasjonar over landegrensene

Fredag og laurdag besøkte ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik den polske venskapsbyen til Øygarden, Krosno i Polen.
Les meir.

Konstruktivt møte med fylkeskommunen

Onsdag ettermiddag drøfta Øygarden kommune og Vestland fylkeskommune moglege tiltak på fylkesveg 561 mellom Ågotnes og Hellesøy.
- Eg opplevde dette som eit konstruktivt møte der både kommunen og fylkeskommunen har vurdert ulike tiltak, seier ordførar Tom Georg Indrevik Etter den tragiske trafikkulukka på Torsvik den 14. juni, der ein 12 år gamal gut omkom, har kommunen og Vestland fylke vore i dialog om moglege trafikksikringstiltak på fylkesvegen.
Les meir.

Brann- og redningsetaten øver

Som ein del av ei øving, vil eit bygg i Langedalen på Morland bli brent ned laurdag 20. august. Huset er planlagt brent som avslutning på fleire øvingar i perioden mellom klokka 11.00 og 14.00 laurdag.
Les meir.

- Vi har gledd oss veldig

Det var ein stolt rektor Linda Færestrand på Tjeldstø skule som torsdag ønskte 12 førsteklassingar og 83 andre elevar velkomen til den første dagen dette skuleåret.
- Det er ekstra kjekt at ordførar Tom Georg Indrevik er med oss og deler ut rose til alle førsteklassingane, sa rektoren. Dei 95 elevane på skulen kom inn i salen klassevis på rekkje og rad. Ein av elevane som tek til i første klasse, er frå Ukraina.
Les meir.

Likar å jobba med folk

Måndag og tysdag denne veka var 50 nye lærlingar på plass i kultursalen på rådhuset for å få innføring i kva som ligg føre dei to neste åra.
- Helsefaget er spennande, seier Gabrielle Kleppevik som skal vera på Sundheimen. Øygarden kommune satsar stort på lærlingordninga, og for tida er det totalt 100 lærlingar i  kommunen fordelt på seks fag.
Les meir. 

Viktig del av samfunnsoppdraget

Torsdag denne veka fekk Bygger`n Straume tildelt Miljøfyrtårnsertifikat.
- Det er viktig å visa overfor kundane at bedrifta er sertifisert, seier ordførar Tom Georg Indrevik som overrekte sertifikatet.Bygger´n på Straume er eigd av E.A. Smith. Smith Stål er også etablert på Straume. Totalt eig E.A. Smith halvparten av dei 100 Bygger´n-utsala i landet.
Les meir

Arbeider med å betra forholda for rørslehemma på Straume

På onsdag sist veke vart det gjennomført ei synfaring i Straume-området. Målet var å synleggjera hindringar som gjer det vanskeleg for rørslehemma å ta seg fram i området. Leiar i rådet for menneske med funksjonsnedsetjing (RFF), Ernst Einarsen, er svært godt nøgd med synfaringa.
Les meir. 

- Eg håpar du ser meg!

Andrine Torsvik er ein av om lag 500 førsteklassingar i Øygarden som kjenner på den dirrande spenninga framfor skulestart.
- Eg gler meg, men eg er heilt ny i trafikken, minner ho om i videoar som no vert spreidde i sosiale medium. Denne veka er det oppstart av haldningskampanjen i regi av Øygarden kommune. I forkant og ei stund etter skulestart vert det på ulikt vis minna om kor viktig det er å ta omsyn til elevane og dei andre mjuke trafikantane.
Les meir.

Høg nettoinnvandring andre kvartal 2022

Andre kvartal 2022 auka folketalet med 164 innbyggarar, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Lågare fødselstal enn normalt førte til at fødselsoverskotet utgjorde ein auke på berre 12 personar. Dette er det lågaste kvartalstalet sidan kommunesamanslåinga.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (33)

  • 15.08.: Interne møte
               Velkomst til nye lærlingar
               Politisk arbeidsutval
  • 15.08.-16.08.: Div. arr. Arendalsveka
  • 17.08.: Møte med Vestland fylkes om trafikktryggleik
  • 18.08.: Skulestart Tjeldstø skule
                Møte med ny hamnedirektør
                Overrekking Miljøfyrtårn til Bygger`n Straume
  • 19.08.-21.08.: Besøk til venskapsby i Polen (Krosno)

Ordføraren neste veke (14)

  • 22.08.: Interne møte
                Møte arbeidsutval Høgre, Oslo
  • 23.08.: Møte om Eviny
                Formannskapsmøte
  • 25.08.: Interne møte
  • 26.08.: Møte om Helse Bergen
                Strategisk møte med Equinor
  • 27.08.: Vigslar