Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 26.

 

Glade for tryggare skuleveg
Elevane på Danielsen er glade for at arbeidet med den etterlengta kulverten ved krysset Idrettsvegen/Smålonane er i gang. Prosjektet, som er finansiert gjennom Miljøløftet, skal etter planen vera fullført i løpet av 2022. Det er sett av 10,6 millionar kroner til kulverten.  Formålet er å betra framkomsten og tryggleiken mellom Straume sentrum og idretts-, skule- og industriområdet i Idrettsvegen.
Les meir.

God kvalitet på badevatnet så langt
Helseverneininga i Bergen kommune har gjennomført prøvetaking av åtte badevatn og to badeplassar i sjø.
- Det er gjennomført prøvetakingar på tre tidspunkt så langt i år, og resultata er gode i alle lokalitetane, seier overingeniør i Øygarden kommune, John Torkildsen.
Les meir.

Fjerde vaksinedose til personar som er 75 år og eldre
Personar som er 75 år eller eldre vert tilrådd å ta ein ny oppfriskingsdose med koronavaksine. Grunnen til dette er auka tal innleggingar på sjukehus blant personar som er 75 år og eldre. Dette gjeld også dei som har allereie har fått 3 dosar og dei som har hatt koronasjukdom.
Les meir.

God sommar frå Øygarden kommune
For kort tid sidan fekk innbyggjarane sommarhelsing frå kommunen i form av brosjyre fordelt til husstandane. Der kan du mellom anna lesa om aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter, om busetjing av flyktningar, digital bestilling av møte, om eldrerådet, ungdomspolitikk og råd for menneske med funksjonsnedsetjing.
Les meir.

Funn av fugleinfluensa
Det er registrert fleire tilfelle av fugleinfluensa smitte på villfugl, i Noreg og truleg også i Øygarden kommune. Det er nyleg gjort funn av fleire sjuke og daude Havsuler. Fugleinfluensa er eit smittsam virussjukdom forsaka av influensavirus A, den opptrer hovudsakleg hos fjørfe men kan også smitte til andre dyrearter.
Les meir.

Ny sjef for innbyggartorg og bibliotek
Yngvild Marie Wiese (39) blir ny sjef for innbyggartorg og bibliotek i Øygarden. Ho kjem frå stillinga som verksemdsleiar for bibliotek og kino i Ullensvang. Ho har også vore høgskulelektor og stipendiat ved universitetet i Tromsø samt vore biblioteksjef i Sørfold.
Les meir.

Dette skjedde det første halvåret
Det skjer mykje i Øygarden. I halvårsoppsummeringa kan du lesa om litt av det som har skjedd i kommunen vår det første halvåret 2022.
Les meir.

Fungerande ordførar
I vekene 27 – 30 er Torill Selsvold Nyborg fungerande ordførar i Øygarden.