Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 24.

 

Byggjer eín ny skule på vestsida

Etter ein lengre debatt vedtok kommunestyret på torsdag at det skal byggjast eín ny skule for krinsane Ulveset og Skålvika og at skulen vert lokalisert på tomt 5 som er 250 meter frå senterpunktet i lokalsenteret Ulveset/Møvika. Kommunestyret vedtok også revidert budsjett for 2022.
Les meir. 

Havvindparkprosjekt kan gje ekstra kraft til bergensregionen

Equinor og partnarar utgreiar 1 GW havvindpark utanfor Bergen. Partnarane har starta ein studie og ser på moglegheiten for flytande havvindpark i Troll-området om lag 65 kilometer vest for Kollsnes.
- Dette kan bidra til å betra kraftforsyninga i bergensområdet, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

Verdig markering på Landro skule

Skuledagen på Landro skule onsdag starta med minnestund i gymnastikksalen.
- Det var ei sterk, men verdig stund, seier rektor Anita Vabø om minnestunda etter at ein 12 år gamal elev omkom i ei trafikkulukke tysdag ettermiddag.
Les meir.

Markerte opning av aktivitetsskap

Måndag denne veka var det offisiell opning av aktivitetsskap for eldre i omsorgsbustader og institusjon. Ordførar Tom Georg Indrevik var også på plass på markeringa. Aktivitetsskapet er eit synleg skap som no finst i kvar avdeling på alle institusjonane i  kommunen.

Les meir.

Vil bruka pengar på haldningskampanje

Formannskapet tilrår kommunestyret å løyva to hundre tusen kroner som eit kommunal bidrag til ein haldningskampanje for auka bruk av buss.  Det vert tilrådd at kostnaden vert dekt ved bruk av beløningsmidlar frå Miljøløftet. Det vert elles tilrådd å ta innhaldet i saka til orientering. Saka gjev ein status i det vidare arbeidet som er gjennomført av ei trafikk- og mobilitetsgruppe som skulle sjå på moglege tiltak for å få redusert trafikkmengda gjennom Straume i rushtida.
Les meir.

Endrar organiseringa frå 1. september

Øygarden kommune er i dag organisert etter to-nivå-modellen. Dette er ei krevjande organisasjonsform. Kommunedirektør Johnny Breivik har vurdert denne organiseringa og konkludert med at ein ikkje har lukkast godt nok med å samhandla og utnytta kapasiteten optimalt. Øygarden kommune skal framleis følgja prinsippa i to-nivå-modellen der einingsleiarane har same mynde som i dag, men det vert gjennomført tiltak som sikrar heilskapen.
Les meir.

Markerte norsk statsborgarskap

Sundag ettermiddag talte ordførar Tom Georg Indrevik til om lag 125 nye norske statsborgarar i tillegg til gjester i Haakonshallen.
- Nå er de norske statsborgarar med de rettar og plikter som dykkar nye status fører med seg, sa ordføraren på statsborgarseremonien.
Les meir.

Sommarferieaktivitetar for barn og unge

Her finn du oversikt over ulike sommarferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Kommunalt ferietilbod i samarbeid med lokale aktørar. Påmeldinga opnar måndag 13. juni ca. kl. 12.00. Merk at det er bindande påmelding og det er ikkje lov å melde eit barn på to aktivitetar som er på same dato.
Les meir.

Skal kartlegga fritida til alle barnefamiliar i Øygarden

Alle barnefamiliar i Øygarden vert invitert til å delta i ei undersøking om barns fritid. Undersøkinga vil gi ny kunnskap om heile fritidslivet til barn og unge i heile Vestland. Frist for å svara er fredag 17. juni.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (24)

  • 13.06.: Lansering av akivitetsskapa
               Åpning av Pitstop
               Møte om Bergen Havn
  • 14.06.: Formannskapet 
               Deltok på minnesamling etter trafikkulukke 
  • 15.06.: Generalforsamling BKK
  • 16.06.: Kommunestyremøte
  • 17.06.: Møte om Kilden Havn 
               Møte med Vest Næringsråd
               Vigsel
  • 18.06.: Opning av Hellesøydagen 

Ordføraren neste veke (25)

  • 20.06.:  Molde, møte i Norske petroleumskommunar
  • 21.06.:  Møte med styreleiar i Sotra Link
                Styremøte i GCE Ocean Tech
  • 22.06.-23.06.:  Brussel, deltek på div. møte + Northern Light Summit
  • 25.06.-26.067.:  Offisielt besøk til Shetland  

Varaordførar Torill Selsvold Nyborg denne veka (24)

  • 13.06.:  Interne møte
                Opning av nye lokale for PitStop
                Styremøte i Øygarden bustadstifting
                Gruppemøte KrF
  • 14.06.:  Formannskapsmøte
  • 15.06.:  Kontordag
  • 16.06.:  Kommunestyremøte
  • 17.06.:  Fri

Varaordføraren neste veke (25)

  • 20.06.:  Interne møte
  • 21.06.:  Møte med Norsk Vind
                Møte med internasjonale PPP
  • 22.06.: Privat avtale
  • 23.06.: Generalforsamling i Brysselkontoret
  • 24.06.: Styringsgruppe i Miljøløftet