Folketalet auka med 81 innbyggarar første kvartal
I løpet av første kvartal 2022 auka folketalet i Øygarden kommune med 81 personar. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Talet på innbyggarar i Øygarden har med dette auka til 39 113 personar.
Les meir.
Offisiell opning av sykkelpark i Spildepollen
Laurdag kunne ordførar Tom Georg Indrevik klippa snora for å markera at Spildepollen sykkelpark var offisielt opna.
- Eit sterkt engasjement har gjort det mogleg å realisera dette på mindre enn to år, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.
Zinken har fått Miljøfyrtårnsertifikat
I dag (23. mai) fekk Zinken på Straume overrekt Miljøfyrtårnsertifikat.
- Eg oppmodar andre til bedrifter til å sikra seg eit slikt sertifikat, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir.
Øygarden kommune gjev ikkje lån til Øygarden Fotballklubb
Formannskapet vedtok måndag samrøystes å avslå søknaden om å gje lån til Øygarden Fotballklubb.
- Formannskapet kan ikkje sjå at det er lagt fram ein drifts- og økonomiplan som viser korleis pengane skal nyttast. Det er heller ikkje framlagt ein plan for nedbetaling av lånet, heiter det i vedtaket.
Les meir.
Det vart ikkje streik
Etter forhandlingar 13 timar utover meklingsfristen, vart partane komne til semje i kommunesektoren. Forhandlingssamanslutningane har tilrådde forslaget frå Riksmeklaren med ei ramme på 3,84 prosent.
Les meir.
Fordelte 90 tusen til ungdomstiltak
Ungdommens kommunestyre (UKS) har tildelt totalt 90 tusen kroner i til tiltak retta mot ungdom. Det kom inn 10 søknader der det vart gjeve støtte til seks av søkjarane. Dei største tildelingane går til Eidesjøen Grendalag, Mental Helse Ungdom, ADHD Norge Øygarden lokallag og Operation Archery E-sports Øygarden.
Les meir.
Tilrår eín ny skule for vestsida
Kommunedirektøren går inn for at det vert bygd eín ny skule for vestsida og at skulen vert lokalisert på tomt 5 som er 250 meter frå senterpunktet i lokalsenteret Ulveset/Møvika. Det er tilrådd at skulen skal ha ein kapasitet på 450 elevar. Saka skal først til behandling i utval for samfunnsutvikling 31. mai.
Les meir.
50 år med bru til Sotra
I dag, 25. mai, er det 50 år sidan at Sotrabrua vart offisielt opna av Kong Olav.
- Eg hugsar godt denne dagen og at Kong Olav etter opninga helste på folket ved Fjell kyrkje, seier Ole Konrad Ekerhovd.
Les meir.
Invitasjon til å vera medarrangør i ferietilbod til barn og unge
Øygarden kommune søkjer etter lokale aktørar som vil tilby aktivitetar til barn og unge i feriar i skuleåret 22/23. Målet med tilbodet er å gje fl eire barn og unge ein arena der dei kan delta i kulturelle, sosiale eller faglege aktivitetar, og skape gode ferieminner frå Øygarden.
Les meir.
Ny tilskotsordning til mangfalds- og inkluderingstiltak
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal leggja til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (21)
- 23.05.: Interne møte
Utdeling av Miljøfyrtårn
Møte med Øygarden næringsutvikling
Formannskapsmøte
- 24.05.: Møte om mobilitetsstrategi
Ordførarmøte Vestland fylke
Generalforsamling ØyVAR
- 25.05.: 50 år sidan Sotrabrua vart offisielt opna
Trappeløp Øygarden rådhus
Lunsj med repr. frå Sotra vidaregåande skule
- 26.-27.05.: Fri
- 28.05.: Vigsel
- 29.05.: Sentralstyremøte Høgre
Varaordfør Torill Selsvold Nyborg denne veka (21)
- 23.05.: Interne møte
Møte med Øygarden næringsutvikling
Formannskapsmøte
Dialogmøte
- 24.05.: Synfaring nytt bibliotek
Ungdommens kommunestyre
Nominasjonsnemd, KrF
Styremøte KrF
- 25.05.: Rådhuset
- 26.05.: Kristi himmelfartsdag
- 27.05.: Fri
Varaordføraren neste veke (22)
- 30.05.: Interne møte
Utdeling av Frivilligpris
Visitt 75-årsdag
Gruppemøte KrF
- 31.05.: Status Basecamp
Dialogmøte
Møte med Bio Hub Skaganeset
Møte med næringslivet om Tiltak
- 01.06.: Møte med Klimapartnere
Ordf/varaordf. i KrF
Møte i utval for tenester og levekår
- 02.06.: Fri
- 03.06.: Gravferd